– Vi har stadig behov for ny kompetanse, og vi må omstille oss til det. Vi har eit næringsliv som har ambisjonar om å vere det beste i Noreg og internasjonalt. Det reelle behovet til næringslivet i Hordaland skal vere styrande for dimensjonering av tilbodet til fagskulen. Vi må sikre rett kompetanse i eit arbeidsliv som er i endring, sa fylkesdirektør Bård Sandal.

Dialogkonferansen i Bergen samla rundt 80 deltakarar, der alle næringar som Fagskolen i Hordaland gjev utdanningstilbod i, var representert.

– Den leiande fagskulen i landet

Sara Hamre Sekkingstad er nestleiar i styret for fagskulen.

– Vi har den leiande fagskulen i landet og har god dialog med næringslivet. Fagskuleutdanning skal bli meir synleg og ettertrakta i samfunnet. Vi vil ha ei utdanning som er tilpassa arbeidslivet, både lokalt og regionalt. Dialogkonferansen skal medverke til å dele kunnskap og danne grunnlag, slik at vi kan gje utdanninga det er behov for, sa Hamre Sekkingstad.

FagskuleN1000B5808.jpg

Rundt 80 personar frå næringslivet i Hordaland møtte fram på dialogmøtet om fagskuleutdanning i Hordaland.

1168 studentar

Fagskolen i Hordaland har 1168 studentar fordelt på 17 ulike utdanningar. 670 av desse tek utdanning på nett med samlingar kvar veke. Det årlege driftsbudsjettet er på 100 millionar kroner.

Fagskulen har undervising på seks stader: Nordnes, Nygård, Austevoll, Hjeltnes, Stord og Voss, og gjev høgare yrkesfagleg utdanning i anlegg, arborist, automatisering, boring, bygg, CNC og robotteknologi, dekksoffiser, elkraft, havbotninstallasjon, helsefag, klima, energi og miljø (KEM), lokal matkultur, maskinteknikk og prosess.