Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Mykje betre enn berre å vere på skulen

PRAKSIS I Å VEDLIKEHALDE OLJEBRØNN:Fagskulestudentar får i praksis sjå korleis ein oljebrønn skal vedlikehaldast. Operasjonsleiar Vidar Kaland og lærar Reidar Gjesdal (t.h.).
PRAKSIS I Å VEDLIKEHALDE OLJEBRØNN:Fagskulestudentar får i praksis sjå korleis ein oljebrønn skal vedlikehaldast. Operasjonsleiar Vidar Kaland og lærar Reidar Gjesdal (t.h.).

Dette er mykje betre enn berre å vere på skulen, seier fem studentar på Fagskolen i Hordaland som kvalifiserer seg for jobb i oljebransjen. På skipet «Island Wellserver» fekk dei i praksis lære korleis ein oljebrønn skal vedlikehaldast.

– Vi har hatt godt utbyte av å få kome om bord i skipet og sjå korleis dei jobbar. På skulen får vi god, praktisk utdanning, men her om bord får vi sjå heilskapen og korleis dei ulike systema fungerer. Dette er noko anna enn teori på skulen, seier Elise Risnes, Christine Lygren, Sabrina Abaz, Joakim Marum og Celine Hagseth.

IslandN1000B4828.jpg

Med desse hendlane styrer Sabrina Abaz (t.v.) og Christine Lygren sjøvatnet som skal kjøle maskineriet om bord. 

Slutt på dei dårlege tidene 

Studentane går andre året på fordjuping i havbotninstallasjonar på Fagskolen i Hordaland. Frå før har dei fagbrev som industrimekanikar, havbotninstallatør og bore- og vedlikehaldsoperatør. Til sommaren er dei klare til å gå ut i jobb. 

– Sjansen til å få jobb i oljebransjen er betre enn på lenge. Vi er ferdige med dei dårlege tidene og er i ferd med å legge om og tilsetje i faste stillingar igjen. Det blir arbeid å få framover. Studentane på fagskulen er veldig kvalifiserte, seier Vidar Kaland som er operasjonsleiar om bord på «Island Wellserver». 

– Det er behov for fagteknikarar som kan drifte og vedlikehalde utstyret, seier Reidar Gjesdal som er lærar ved fagskulen. 

IslandN1000B4737.jpg

Lærar Reidar Gjesdal orienterer om hydrauliske system om bord i skipet: Christine Lygren (nærmast), Celine Hagseth, Sabrina Abaz og Joakim Marum. Bak maskinist Leif Kjell Lorentzen.

Blitt veldig effektive 

«Island Wellserver» er eitt av to skip som Island Offshore i Ulsteinvik eig. Dei har oppdrag av Equinor med å vedlikehalde oljebrønner for å ta ut meir olje og gass. No ligg skipet ved CCB på Ågotnes for vedlikehald, men skal snart ut igjen.

– I fjor reparerte vi 36 oljebrønner. Før brukte vi 14 dagar på ein brønn, men no gjer vi jobben på fem dagar. Neste jobb startar på Nornefeltet i Norskehavet (utanfor Helgeland) 15. februar. Vi kjem for det meste til å vere i operativ drift gjennom heile året og får forsyningar med supplyskip, seier Kaland som vart utdanna på det første kullet på boreteknisk fagskule i Bergen i 1994.

IslandN1000B4669.jpg

Overstyrmann Amund Larsen orienterer Celine Hagseth (f.v.), Christine Lygren, Sabrina Abaz og Joakim Marum om arbeidet på brua på «Island Wellserver».

Garanterer for kvalitet 

Reidar Gjesdal er svært nøgd med samarbeidet fagskulen har med dei ulike bedriftene.

– Når bedriftene opnar dørene for oss, garanterer det for kvalitet i utdanninga. Vi må ha slik kontakt med næringslivet. På skulen kan vi aldri matche det utstyret som næringa sjølv har, seier Reidar Gjesdal. 

Dei fem studentane var svært nøgde med dagen.

– Vi har lært mykje her i dag. Her fekk vi lære detaljar, sjå heilskapen og sjå korleis hydraulikk styrer systema. Vi anar ikkje omfanget før vi ser det heile. Vi har hatt godt utbyte av å få kom om bord her, seier dei fem studentane Elise Risnes, Christine Lygren, Sabrina Abaz, Joakim Marum og Celine Hagseth.

IslandN1000B4968.jpg

«Island Wellserver» ved kai på Ågotnes. 15. februar skal skipet vere på Nornefeltet i Norskehavet vest av Helgeland og opne ein oljebrønn for å ta ut meir olje. Jobben vil ta ca fem dagar. 70 personar har jobb om bord.

 

Artikkelen er frå:  https://www.hordaland.no/nn-NO/nyheitsarkiv/2019/-mykje-betre-enn-a-vere-pa-skulen/