Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Millionpris til Fagskolen i Hordaland

Utdanningskvalitetsprisen 2020
Jublar for Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning 2020, Fagskolen i Hordaland. Frå venstre: Mona Skjønhaug, lektor, Torbjørn Mjelstad, rektor og Trude Amundsen, lektor. (Foto: Diku)

– Dette er stort, jublar rektor Torbørn Mjelstad. I dag fekk han og Fagskolen i Hordaland Utanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning 2020.

Fagskolen i Hordaland vann prisen for sitt arbeid med å utvikle dei pedagogisk tilsette sin kompetanse innan nettpedagogikk.

– Dette er stort! Det betyr veldig mykje for oss å vinne denne prisen. Vi konkurrerer med mange dyktige fagskolar om prisen, eg er både stolt og kjenner på ei audmjuke overfor dette, seier rektor ved Fagskolen i Hordaland Torbjørn Mjelstad.

Nettpedagogikk og vinnaroppskrift

I si grunngjeving skriv juryen at prosjektet har funne vinnaroppskrifta for auka kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning. 

– Fagskolen i Hordaland er en verdig vinnar med sitt prosjekt  «Eg e-lærer».  Dei har jobba målretta for å auke kvaliteten i nettbasert undervisning – tida vi er inne i no viser kor viktig dette er.  Dette er velfortent. Gratulerer så mykje, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

«Eg e-lærer» vart oppretta i 2018. Målet var å utvikle dei pedagogisk tilsette sin kompetanse innan nettpedagogikk og bruk av digitale verktøy. 

– Dette prosjektet har løfta skolen. I tillegg kjøpte vi inn naudsynt utstyr som skapte læringsfellesskap, og la til rette for god oppfølging av studentane og auka studentaktivitet. 

For studentane først og fremst

Rektoren fortel at det er studentane som er det viktigaste med «Eg e-lærer»:

– Hovudmålet er å auke kvaliteten i utdanninga. Digitalisering kan bidra til å gi studentane praksisnær utdanning, og det kan mogleggjere fagleg oppdatering for dei tilsette, seier han.

Skolen legg vekt på å reflektere rundt kva kvalitet i undervisninga er og dei avgrensingar og moglegheiter som er i digital undervisning. 

 – Gjennom å lage læringsfellesskap og ei utdanning uavhengig av tid og stad, har vi hatt studentane og arbeidslivet sine behov for ei digitalisert og praksisnær utdanning langt framme i hovudet, seier Mjelstad.

Då koronaen kom og mange måtte studere og jobbe frå heimekontor stod Fagskolen i Hordaland betre forberedt enn andre fordi prosjektet allereie var godt i gang. 

– Mange lærarar og studentar ved skolen følte nok på at vi var betre rusta til å flytte undervisninga over på digitale plattformar frå den eine dagen til den andre. Vi har nettopp levert søknad til NOKUT om fagområdeakkreditering innan det tekniske området. I så måte passer prisen perfekt, fortel rektor Mjelstad.

Prisen, som er på ein million kroner, deles ut på den årlege Fagskolekonferansen som Diku og Nasjonalt fagskoleråd arrangerer.  

Artikkelen er fra: DIKU 11.11.2020

https://diku.no/aktuelt/millionpris-til-fagskolen-i-hordaland?fbclid=IwAR3V9-f1_O_m8QY3KIjjmk4gqBloPER8NH_iOnklH8FaLY8ioANO7EsIX-E