Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Forskar på korleis maritime fagskolestudentar kan navigere i eit hav av tekstar

Dei komande åra skal Trude forske på fagspråk og språkemma i fagskulen.
Dei komande åra skal Trude Amundsen forske på fagspråk og språkemma i fagskulen.

Å meistre og forstå eit fagspråk er ein så sjølvsagt del av yrkesutøvinga at ein gjerne ikkje tenker på det. Men korleis kan fagutdanninga legge til rette for å utvikle den naudsynte språkkompetansen? Dette, og mykje meir, skal Trude Amundsen finne ut av i doktorgradsprosjektet sitt.

Trude Amundsen har jobba ved Fagskolen i Hordaland i fem år, og er tilsett ved den maritime avdelinga vår. Ho underviser i norsk kommunikasjon og maritim engelsk, og har ei stor interesse for språkemnene i høgare yrkesfagleg utdanning. 

Første oktober starta ho ein forskingsperiode på fire år. På spørsmål om kvifor ho ynskte å gjennomføre eit omfattande prosjekt som dette svarer ho: - I forsøk på å finne forsking på korleis eg skulle legge til rette for ei empirisk fundert fagspråksundervisning for studentar på vårt nivå, kom eg, eller eventuelt forskinga, til kort. 

Hovudmål for prosjektet er å utvikle fagspråkdidaktisk kompetanse i høgare yrkesfagleg utdanning. Med enkle ord vil det seie å kartlegge kva språkkompetanse er viktig å lære på dette utdanningsnivået, korleis dette er begrunna og korleis ein kan legge til rette for det.

Amundsen fortel at forsking omkring språk og tekst lenge har vore interessert i tekstkompetanse, literacy, men det er forska lite på område- og fagspesifikk språkopplæring i fagutdanninga.- Difor bestemte eg meg for at eg ville forske på emnet sjølv, smiler ho. Prosjektet kan vere med å auke den fagspråkdidaktiske kompetansen i både høgare utdanning såvel som den vidaregåande skulen. 

- Eg blei skikkeleg glad då søknaden til Norges forskningsråd vart innvilga. No gler eg meg til endeleg å sette i gang, seier ho.

DSC_2148.JPG

Trude trivst godt i rolla som klasserommet, og håper at prosjektet kan bidra til auka fokus på språkundervisning i fagutdanningane.

 Ph.d-prosjektet Trude skal bruke dei neste fire åra på heiter «We are sinking. What are you thinking about? Fagspråksdidaktikk og tilgangskompetanse» og skal gjennomførast på institutt for Lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen.

For UiB plasserer prosjektet i kjernefeltet for satsingsområdet Hav, liv og samfunn. Forskinga vil vonleg bidra til å utvikle språkdidaktisk kompetanse som ikkje berre er relevant for fagskulen og den yrkesfaglege vidaregåande utdanninga, men som også vil vere kompetansebyggande for lektorutdanninga ved UiB, særleg med tanke på yrkesretting av språkundervisninga. Fagskolen i Hordaland er stolte over eit slikt samarbeid!

DSC_2129.JPG


Kommunikasjonskompetanse er viktig i dei fleste yrker, ikkje minst på sjøen.

-Dagleg kommuniserer vi fagspesifikk informasjon ved hjelp av eit fagspråk, og det er også ein viktig og stor del av mange yrke, fortel Amundsen. I delar av fagutdanninga er opplæring i språkopplæring eit sikkerheitskrav, medan kommunikasjonskompetanse, generell eller fagspesifikk, i det heile vert tillagt stor betydning i arbeidslivet.

Maritim utdanning er eit spanande forskingsfelt mellom anna fordi den internasjonale konvensjonen STCW definerer innhaldet i utdanninga. Maritim engelsk er eit av konvensjonsemna i denne sertifikatgivande utdanninga, og det å meistre engelsk kan difor sjåast på som eit sikkerheitskrav når ein jobbar på sjøen.

- Sjølv om forskingsfeltet er den maritime utdanninga, trur eg at resultata vil kunne ha overføringsverdi til fagspråksopplæringa generelt i fagutdanninga. Eller, eg håper det i alle fall, ler Amundsen.

 Ved Fagskolen i Hordaland er vi stolte over at vi bidrar til utvikling også gjennom forsking, og ønskjer Trude lykke til med gjennomføringa av doktorgraden.