Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Utdanninga starter ikkje nytt kull i 2021.
Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skoleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg.
Det blir samlingar på skole om lag ei veke kvar månad, dei fleste samlingane er på Hjeltnes, men nokre samlingar blir lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skole, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis. Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev / vitnemål,
eller
> realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Høgare relevant utdanning frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, eller høgskolestudiet innan landbruks- og naturfag samt skog- og utmarksfag, er kvalifiserande for opptak med realkompetanse.
Det blir stilt krav til dokumentert opplæring i bruk av motorsag. Dette kan eventuelt takast i første delen av fagskolestudiet.
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Kandidaten: