Krysspublisert - mal
Kildekritikk på Internett:
Utgjevar:
- Kven er kilda til informasjonen? Hugs at kven som helst kan leggje ut informasjon på nettet, til kva som helst formål.
- Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
- Er det opplysningar om personen/organisasjonen?
- Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
- Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kilda)?
- Kan du kontakte kilda pr. telefon eller e-post? Står adressa på nettstaden?
Formål med sidene:
- Kva er motivet for å leggje ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
- Er kilda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?
Truverd
- Er språkbruken truverdig? Finn du mange skrivefeil?
- Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
- Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?
Kildekritikk bøker
Utgjevnadstidspunkt og forfatter
- Er informasjonen ny eller gammal? Når blei sidene sist oppdatert?
- Er forfatteren kjend ? Har forfatteren skreve mykje om dette temaet? Er forfatteren truverdig?
Utgjevar
- Kva forlag er boka utgitt på? Kjende forlag står stort sett for kvalitet.
- Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betydning
- Kor mange sider har boka?
Utgjevnadsår
- Når er boka utgitt, er den ny eller gammal? Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato.
- Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er et standardverk)
Føremål med utgjevnaden
- Les forord
- Studer innhaldslista
- Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meningar eller propaganda? Skreve for å overbevise, informere, underhalde, provosere?
- Passar nivået? Skreve for ei bestemt målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
- Studer litteraturlista til boka