Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Tilbod om tilrettelagte grupper

  • Kvardagslivstrening
  • Arbeidslivstrening
  • Grunnkompetanse med undervisning i eiga gruppe
  • Yrkesfagleg grunnutdanning

Tilboda er knytt opp mot desse faga:

Korleis søker eg?

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søke via nettsida vigo.no og må i tilegg fylle ut eit søknadsskjema.  

Søknadsfristen er 1. februar for å komme med i ordinært opptak.

Du kan kontakte rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søke .
Eller du kan kontakte Opplæringsavdelinga direkte ved spørsmål om tilbod og søkning .

Søk utdanning Opplæringsavdelinga

Dei ulike tilboda

Opplæring med mål om grunnkompetanse kan organiserast  i ordinær klasse eller i mindre grupper.  
Her  er oversikt over  tilboda våre:

Kvardagslivstrening

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.

Arbeidslivstrening

Opplæringa er praktisk retta for at eleven skal få kompetanse til å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsstad eller i ei arbeidsmarknadsbedrift.

Grunnkompetanse med undervisning i eiga gruppe (HT)

Gruppene er for elevar med rett til spesialundervisning og som i utgangspunktet har mål om grunnkompetanse. HT-grupper har færre elevar og tettare pedagogisk oppfølging enn i ordinær klasse. Læring gjennom praksis er ein sentral metode, og det vert lagt stor vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Elevane kan òg få praksis i arbeidslivet. For nokre elevar kan det vere aktuelt å ha heile opplæringsløpet i gruppa, for andre kan det vere aktuelt å gå over til ordinær klasse på Vg1 eller Vg2. Elevar i eiga gruppe (HT) kan få vurdering med karakter i einskilde fag dersom det er grunnlag for det.

Yrkesfagleg grunnutdanning

Yrkesfagleg grunnutdanning er ein av vegane til grunnkompetanse. Tilbodet tar sikte på at kandidaten skal oppnå ei grunnleggjande yrkesutdanning. 

Mål om grunnkompetanse:

Elevar med mål om grunnkompetanse i den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkelt-vedtak om spesialundervisning.