På Vg1 service og samferdsel lærer ein mellom anna planlegging, oppfølging og kvalitetssikring av ressursbruk og arbeidsprosessar i ei verksemd.
Felles programfag dette året er Planlegging, Kommunikasjon og service, og Drift og oppfølging.
Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Vg1 er felles for dei som vel service og samferdsel. På vår skule kan du søke deg vidare inn på Vg2-faga:
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar. God kundebehandling, kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å være løysingsorientert er sentralt i service og samferdsel.
Du kan bli salsmedarbeidar, resepsjonist, yrkessjåfør og mykje meir. Sjå vilbli.no for meir informasjon:
vilbli.noPå Vg1 service og samferdsel lærer ein mellom anna planlegging, oppfølging og kvalitetssikring av ressursbruk og arbeidsprosessar i ei verksemd.
Felles programfag dette året er Planlegging, Kommunikasjon og service, og Drift og oppfølging.
På IKT-servicefag lærer du om innkjøp, drift og vedlikehald av IKT-system. Du lærer òg å yte service gjennom brukar- og driftsstøtte.
I faget transport og logistikk får du kunnskap om logistikk, planlegging og flytting av varer og personar. Du lærer betydninga av ulike transportmiddel, interne og eksterne rammevilkår, og nasjonale og internasjonale reglar for næringa.