På Vg1 har vi nokre fellesfag og nokre felles programfag. Felles programfag er Råstoff og produksjon, Kosthald og livsstil og Bransje, fag og miljø
Faget Prosjekt til fordjuping: Ein dag i veka vil elevane ha moglegheit til å velje kva fag/yrke dei vil jobbe med. Ein kan då òg vere ute i ei bedrift som t.d. fiskebedrift, bakeri, restaurant, hotell-/institusjonskjøkken e.l.