Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du har dermed sjanse til å ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Du lærer:

  • å teikne
  • utforming av gjenstandar i ulike material
  • å vidareutvikle dei kreative evnene dine
  • om kunst og kultur
  • om stad- og byutvikling

Vi tilbyr:

På Vg 2 kan du hos oss velje mellom programfaget Foto og grafikk og Design og bærekraft.

Kvifor velje Kunst, design og arkitektur

Er du  kreativ, glad i å teikne, opptatt av estetikk og interessert i design, form og farge? Ønskjer du å gå vidare på skule og bli arkitekt, landskapsarkitekt, kurator eller kunstnar? Då er dette faget for deg.

Nokre studier har spesielle opptakskrav som opptaksprøver.  Til dømes krev mange arkitektur- og kunstfaglige studier ei praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.

På vilbli.no kan du lese meir om faget.

Vilbli.no Søk skuleplass

Første året

Design av Martine Bernhardsen.jpg

Vg1

Felles programfag dette året er:

  • Design og arkitektur 1
  • Kunst og visuelle virkemidler 1

Andre året

Design-Handverk av M. Bernhardsen.jpg

Vg2

Du kan velje eitt programfag på Vg2.

Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan kunst, design og arkitektur og/eller fag frå eit anna programområde i studieforberedande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk).

Tredje året

MK av Sverre Kvamme.jpg

Vg3

På Vg 3 kan du velje to programfag. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan kunst, design og arkitektur og/eller fag frå eit anna programområde i studieforberedande utdanningsprogram (til dømes realfag eller fremmedspråk).

Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor det valafrie programfaget på Vg3.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no