Kva er innføringskurs?
Kurset gir grundig innføring i norsk, men òg i andre fag som matematikk, engelsk og samfunnsfag.
Er du nettopp kome til Noreg kan det vere lurt å velje innføringskurs før du søker deg vidare på Vg1.
Det er ikkje krav til norskkunnskapar for å søke ordinær vidaregåande opplæring. Svært mange elevar tar likevel innføringskurs for å bli betre førebudd på undervisninga på Vg1. Kurset varer i eitt år.
Elevar som går innføringskurs bruker ikkje av den ordinære opplæringsretten sin.