På idrettsfag får du i tillegg til å vere i aktivitet fordjupe deg i idrettsteori. Felles programfag dette første året er Aktivitetslære og Treningslære.
Det blir òg undervist i treningsplanlegging, ferdighetsutvikling, basistrening og kroppsøving. Desse teoritimane blir lagt til fagdag som faget toppidrett har onsdagar kvar 6. veke, men nokre gonger kan òg 3. time på fredagane bli brukt.
Framandspråk vi tilbyr:
- Spansk 2
- Tysk 2
- Fransk 1 og 2
Toppidrett
Tilbodet er eit samarbeid med Olympiatoppen Vest-Norge, HFK og skulen. Her får du satse for fullt på idretten din, og du trenar 10-12 timar i veka i tillegg til det du trenar utanom skuletida. Du vil òg få tilbod om dag- og temasamlingar.