Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som tar elektrofag. På Vg2 kan du velje mellom ei rekkje programområde. På Eksempelskule Hordaland tilbyr vi: 

Søk skuleplass TEst

Kvifor velje elektrofag?

Vel du elektrofag kan du tre inn i ei spanande verd som opnar ein straum av molegheiter. Du må ha evna til å arbeide nøyaktig, systematisk og trygt.

Viss du lurer på kva du skal bli eller kva programfag du kan velje, får du ei god oversikt på vilbli.no.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Påbygg Vg3
Norsk 2 2 10
Engelsk 3 2 0
Matematikk 3 0 3
Naurfag 2 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Nyere historie 0 0 4
Kroppsøving 2 2 2
Felles programfag 17 17 0
Prosjekt til fordjupning 6 9 0
Sum timetal per veke 35 35 22

Første året

elektro årstad.jpg

VG1 elektrofag

På elektrofag kan du blant anna lære å byggje stereoforsterkarar, montera lys og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kople automatiserte motoranlegg og bruke simuleringsprogram på data. 

Elevar på Vg1 har praksis i bedrifter i x veker det første skuleåret.

Andre året

VG2 elenergi

På Vg2 elektro lærer du å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukt til distribuering og forbruk av elektrisk energi. Dette kan gjelde både bustadhus og andre bygningar, samt industri og store installasjonar. Du lærer teori om korleis ein produserar elektrisk energi i ein kraftstasjon, og korleis ein fører strøm fram til brukaren.

Vg2 data og elektronikk

Her lærer du om diverse apparat som til dømes tv, radio og elektronisk utstyr. Du lærer å byggje ein kvalitets stereoforsterkar og korleis tele- og datakommunikasjon føregår. Veit du kva ein elektronisk krets på PC er? Det får du lære meir om på Vg2. Du lærar òg å byggje og programmere ein robot.

Det er vanleg å søke læreplass etter fullført Vg2.

Tredje året

Vg3 Automasjon

Automatiseringsfaget krev eit tredje skuleår før du kan søke læreplass. Faget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir brukt til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosesser og elektromekaniske system.

Du kan søke læreplass etter Vg3 automasjon. 

UT I LÆRE

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søker du på vigo.no.

TITTel

Lærer
Profilbilde av Ingvill Nordås Hildal

Ingvill Nordås Hildal

Send e-post