Vg1 Design og handverk
Første året har vi to programfag:
I faget Produksjon vil du lære korleis ein går frå idè til handverksprodukt/tenester. Vi vil eksperimentere med ulike material og lage arbeidsteikningar.
I faget Kvalitet og dokumentasjon vil vi sjå på korleis du sikrar god kvalitet på produktet/tenesta og korleis ein dokumenterer.
Faget Prosjekt til fordjuping: Ein dag i veka vil elevane ha moglegheit til å velje kva fag/yrke dei vil jobbe med. Ein kan då òg vere ute i ei bedrift som t.d. ein gullsmedbutikk, blomebutikk, interiørbutikk e.l.