Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kildebruk og kildekritikk

Det er mykje du bør vere merksam på når du har funne ei kilde som du vil bruke i ei oppgåve.

Kildekritikk på Internett:

Utgjevar:

  • Kven er kilda til informasjonen? Hugs at kven som helst kan leggje ut informasjon på nettet, til kva som helst formål.
  • Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
  • Er det opplysningar om personen/organisasjonen?
  • Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
  • Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kilda)?
  • Kan du kontakte kilda pr. telefon eller e-post? Står adressa på nettstaden?


Formål med sidene:

  • Kva er motivet for å leggje ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
  • Er kilda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?


Truverd

  • Er språkbruken truverdig? Finn du mange skrivefeil?
  • Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
  • Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?

Kildekritikk bøker

Utgjevnadstidspunkt og forfatter

  • Er informasjonen ny eller gammal? Når blei sidene sist oppdatert?
  • Er forfatteren kjend ? Har forfatteren skreve mykje om dette temaet? Er forfatteren truverdig?

Utgjevar

  • Kva forlag er boka utgitt på? Kjende forlag står stort sett for kvalitet.
  • Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betydning
  • Kor mange sider har boka?

Utgjevnadsår 

  • Når er boka utgitt, er den ny eller gammal? Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato.
  • Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er et standardverk)

Føremål med utgjevnaden

  • Les forord
  • Studer innhaldslista
  • Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meningar eller propaganda? Skreve for å overbevise, informere, underhalde, provosere?
  • Passar nivået? Skreve for ei bestemt målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
  • Studer  litteraturlista til boka