Skuledagen startar klokka 07:55 og varer til klokka 15:00. Timeplanen vekslar annankvar veke som A-plan og ein B-plan. I begge planane er faga lagt ut på 4 dagar. Kvar dag er delt inn i 5 økter à 75 minuttar. Det er lagt inn 10 min. pause mellom kvar økt.
Fredag er fagdag, der elevar og lærarar får tid til å arbeida med eitt spesielt fag eller tverrfaglege større opplegg, ekskursjonar, heildagsprøvar eller fellesaktivitetar for heile skulen. Ein fagdag har fire økter, og er ferdig klokka 13:20. Eit ”femtimarsfag” får 5 slike fagdagar og eit ”tretimarsfag” 3 fagdagar i året. Dei fredagane der elevane ikkje vert oppsette med fagdag, har dei fri. Merk at enkelte andre dagar i løpet av året kan bli brukt som fagdag i tillegg til fredagane.
Siste økta kvar onsdag har alle lærarar i full stilling møtetid. Då har elevane fri.