Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tillegg skulereglement Bømlo vgs

Parkering

Du kan parkera bil på elevparkeringsplassen aust for skulebygget (ved verkstadbygg/”UFO-bygg”). Parkeringsplassen ved kantineinngangen er for personalet og skulen sine gjester.
Plassen framfor skulen (vestsida) er ikkje parkeringsplass for bilar, unntatt etter avtale.

Elevturar, ekskursjonar og utplassering

Dersom det i tilknyting til undervisninga vert arrangert elevturar, ekskursjonar eller utplassering, har skulen same ansvar for deg som i ordinær undervisning på skulen sitt område. Du må retta deg etter skulereglementet og dei instruksane du får hos læraren din. Tidspunktet mellom avreise og heimkomst er å sjå på som kontinuerleg skuletid.
Ved reiser til utlandet skal kvar elev som reiser underteikna kontrakt og følgja det spesielle regelverket som gjeld for desse. Slike turar skal godkjennast av opplæringsdirektøren, og det skal arrangerast informasjonsmøte for foreldre / føresette før turen. ( sjå elles vedlegg om gjeldande regelverk for ekskursjonar / utplassering).

Kantine, mat og drikke

Du kan ha med nistepakke eller kjøpa mat i kantina. Du skal sjølv rydda etter deg ved å kasta matpapir og anna emballasje i bosskorgene. Brukte tallerkar, krus etc., som høyrer til kantina, skal du setja på tilvist plass etter bruk. Dersom du et på andre stader enn i kantina, skal du sjølvsagt også rydda etter deg. ????? har ansvar for drifta av skulekantina. Kantina er open mellom klokka 0900 og 1230. Her får du høve til å kjøpa god, sunn mat og drikke. Me oppmodar alle, både elevar og tilsette, om å respektera reglane som gjeld for kantina og kantineområdet. Gruppa med ryddeansvar skal kvar dag, og særleg etter matpausen, kontrollera at det er orden i kantineområdet. Dersom dette ikkje er tilfelle, skal desse elevane rydda vekk ting som ligg utover bord, stolar og golv. Kontaktlærar lagar ansvarsliste, der to elevar har dette oppdraget kvar dag.

Undervisningsrom/fellesareal/uteareal

Eit reint og ryddig areal skapar trivsel for alle i skulesamfunnet. Elevane har også ansvar for at det er orden i undervisningsromma (sjå eige reglement). I fellesarealet,til dømes korridorar, Fuglaberget og på biblioteket, skal kvar einskild elev ta ansvar for å rydda opp etter seg, setja ting på plass og kasta avfall på rett stad. Kvar veke har ei gruppe som si oppgåve å rydda rundt skulebygget, langs gangstien til Idrettshallen og i fellesareal inne. Kontaktlærar ser til at oppdraget er skikkeleg utført og kvitterer for dette på ryddelista.

Vis omsyn og rydd opp etter deg, slik at du ikkje lagar ekstraarbeid for andre.

Generelle ordensreglar i undervisninga

  • Alle skal ha med seg nødvendig undervisningsmateriell og anna nødvendig utstyr
  • Du skal spørja om løyve dersom du må forlata undervisninga
  • Timefråvær skal varslast på førehand til faglærar eller kontaktlærar
  • Det er frammøteplikt til alle prøvar. Du kan ikkje rekna med at det vert arrangert ny prøve dersom du har vore borte
  • Du skal bidra til at det er arbeidsro i timane
  • Du skal møta presist til timane
  • Fristar og avtalar skal haldast
  • Du skal visa god oppførsel, dette gjeld òg språkbruk.
  • Mobiltelefonen skal vera avslått i timane, på prøvar og under eksamen
  • Høyretelefonar eller anna personleg datautstyr i timane skal berre brukast dersom faglærar gjev løyve til det

Reglement ved bruk av PC i undervisninga

  • Faglærar legg føringar for bruk av PC i undervisninga
  • Bruk av program/applikasjonar/maskinvare som ikkje inngår i undervisninga er ikkje tillate
  • Brot på reglementet fører til åtferdsmerknad.

Ordensreglar for undervisningsrom

Eleven

  • Alle elevar har ansvar for at det er god orden i klasserommet. Ved prøve har elevane ansvar for å setja pultane enkeltvis, med god avstand, før prøven tek til Når ein klasse/gruppe forlèt klasserommet, skal pultane plasserast slik som dei stod i utgangspunktet
  • Du skal rydda pulten din og nytta det låsbare skapet ditt til personlege eigedelar (datamaskin, bøker,vassflasker o.a.)
  • Du skal ta fat, koppar og glas attende til kantina. Vasskokar/kaffitraktar er ikkje tillate på klasseromma
  • For å letta reinhaldet skal ranslar/vesker o.l. setjast opp på stolane når du forlèt rommet mellombels for minst ei undervisningsøkt
  • Inventar og utstyr skal brukast med omtanke, og lånt utstyr skal leverast attende på rett stad, t.d. bøker, fotoutstyr, kjøkkenutstyr

Ordenseleven

  • vaskar av tavla etter kvar økt
  • passar på at det er generell orden i klasserommet
  • sørgjer for at bosset er oppi bosskorga og er sortert (papir i papirinnsamlings-boksen!) før skuleslutt, syt for at evt. utstyr blir levert attende til kantina
  • syt for at vindauga er lukka og lyset sløkt ved skuleslutt

Læraren

  • syter for at det er ei ordenselevordning og ser til at ordenseleven gjer plikta si
  • har ansvar for kollektiv opprydding
  • har ansvar for at pultane er sett opp rett på prøvar og at elevane spreier seg i undervisningsrommet, og at pultane vert sett på plass att.
  • har ansvar for at utstyr og bøker som er brukt i undervisninga vert sett på plass

Dersom eit undervisningsrom over lengre tid er prega av rot og slendrian, kan rommet låsast i friminuttane.