Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vidaregåande opplæring

Kva er vidaregåande opplæring?

Det finnest ulike vegar for å oppnå studieførebuande- og yrkesfagleg kompetanse på vidaregåande skule sitt nivå. Oppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet. Av fargebruken går det tydeleg fram om opplæringa føregår i skule (gult) eller bedrift (grønt). Dei blå boksene viser kva kompetanse du har oppnådd etter fullført og bestått opplæring.

Lærling

Dersom du tar sikte på å avlegge fag- eller sveineprøva i eit lærefag og bli lærling, kan du inngå lærekontrakt med ei lærebedrift. Opplæringskontora har eit stort nettverk av lærebedrifter som  dei samarbeider med i opplæringa av lærlingar. Informasjon om disse kontora og bedriftene finn du på nettsida til opplæringskontorene.

Mot ein yrkeskompetanse

Det er ulike vegar å gå for å nå fram til ein yrkesfagleg kompetanse. Dette gjev gode muligheiter til at du kan velje det studieløpet som passar deg. Er du praktisk orientert, kan kanskje praksiskandidat- eller lærekandidatordninga vera rett veg for deg. Er du meir teoretisk orientert, ønskjer du kanskje å gå tre år på vidaregåande skule. 

Programfag og ulike programområde på vidaregåande skole sitt nivå, kan du lesa mer om på vilbli si nettside.

Lærekandidat

Dersom du tar sikte på en mindre omfattende prøve enn fag-/svenneprøve, kan du inngå opplæringskontrakt med en lærebedrift. Då er du lærekandidat og tek en kompetanseprøve ved avslutta opplæringsløp.

Hvis det i løpet av læretida viser seg at du likevel kan oppnå full yrkeskompetanse, kan opplæringskontrakten endrast til ordinær lærekontrakt med fag-/svennebrev som mål. Du må ha godkjenning frå yrkesopplæringsnemnda for å gjera dette.

Lærlingen sine rettar og plikter

Som lærling skal du delta aktivt i både opplæringa og verdiskapninga i lærebedriften. Du har rett til å få den opplæringa som læreplanen fastset. Samstundes har du plikt til å delta aktivt for å nå opplæringa sine mål, og til å delta i planlegginga og vurderinga av ditt eige læringsarbeid.

Du må møta til den fag-/svenneprøven lærebedriften melder deg opp til.

Læretida er avtalt i lærekontrakten din ut frå ei normal arbeidstid i faget. Du er arbeidstakar i lærebedriften med dei rettar og plikter som finnest i lover og tariffavtale, bl.a. når det gjeld arbeidstid, ferie og fridagar.

Full opplæring i bedrift

Du kan ta full opplæring i bedrift. Opplæringstida blir då 4 år i dei fleste fag og du må sjølv finne ei godkjend lærebedrift som vil ta ansvar for opplæringa. I denne ordninga må du ta fellesfag og programfag på skulen undervegs i læretida.

Studiekompetanse

For å kunne studere på høgskole eller universitet må du ha generell studiekompetanse.

Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søke opptak til universiteter og høyskoler. Studiekompetanse i seg sjølv gjev ingen garanti for at du kjem inn. Du må og ha gode nok karakterar i ut frå dei krav som universitet og høgskular stiller. Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføra og bestå vg1, vg2 og vg3 frå følgande utdanningsprogram:

  • Idrettsfag
  • Musikk, dans og drama
  • Studiespesialisering
  • Medier og kommunikasjon (studieforberedende Vg3)
  • Naturbruk (studieforberedende Vg3)
  • Et yrkesfaglig utdanningsprogram (Vg1 og Vg2 eller oppnådd yrkeskompetanse) + Vg3påbygging til generell studiekompetanse

Nokon studier stiller i tillegg krav om spesiell studiekompetanse. Det vil i dei fleste tilfelle sei at du må ha hatt spesielle programfag. Enkelte studier har og opptaksprøver.

Fellesinntak av elevar og formidling av lærlinger

All søking til vidaregåande opplæring vil foregå på internett - www.vigo.no

Søknadsfristar:

1. februar for særskild-søkarar, søkarar med behov for spesialundervisning og lærekandidater

1. mars for ordinære søkere til skole og bedrift

Meir informasjon finn du på  Hordaland Fylkeskommune si nettside: hordaland.no