Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ungdomsrett

Kva er ungdomsrett?

Ungdom som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring (ungdomsrett). I nokon lærefag er opplæringstida lengre enn tre år. Då har du rett til den opplæringstiden som er fastsett for faget.

Du må bruka retten i løpet av ein samanhengande periode på fem år når heile opplæringa skjer i skule, og innan seks år når heile eller deler av opplæringa skjer i lærebedrift. Heile retten må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.