Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studier i utlandet

Å studera i utlandet

Det finst uendeleg mange moglegheiter for å studera og arbeida i utlandet. Eit utanlandsopphald kan ha mange fordelar. Å læra deg eit nytt språk og å få forståing for andre kulturar gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden som blir meir internasjonal.

Ute i verden finnest det og mange fleire studie- og yrkesmuligheter enn her heima. Du har difor moglegheita til å spesialisera deg i akkurat det du ønsker å drive med. Kanskje finn du den perfekte jobben eller det perfekte studiet for deg i USA eller Japan? Å arbeida eller studera i utlandet kan bli både spennande, morsomt og krevande. Ikkje berre blir du kjend med ein heilt ny kultur og fleire nye menneske, men du blir også betre i eit framand språk samstundes som du får moglegheita til å bu ein stad du kanskje aldri ville ha budd elles.

Kva tid er det best å søke til studier i utlandet?

Ansa anbefalar deg å starta søkeprosessen helst eit år før du planlegg å reisa.
Det tar tid å søke, eventuelt ordna visum, gjennomføra opptakstester og språktester, oversetta og evaluera attester og karakterar, og finne ein stad å bu. 

Søknadsfristane varierer frå land til land og frå lærestad til lærestad. Finn du ikkje landet du ønsker å studere i listen under, gå direkte til skolen sine nettsider og sjekk fristen. 
http://www.ansa.no/Studier-i-utlandet/For/praktisk-informasjon/soknadsfrister/

Studier i utlandet

I dag kan du velje å studera praktisk talt kor du vil i heile verda, og det finnest ei heil rekke ulike kurs og utdanningar å velja mellom.

Det finnes og mange ulike aktørar som sit på nyttig kunnskap om det å studera i dei ulike landa. Du kan enten reisa via ein organisasjon som formidlar skuler i utlandet eller så reiser du heilt på eigen hand. Då søker du direkte til det universitet eller den høyskolen du vil studera på.

Mer informasjon om utdanningssystema i andre land finn du på  lenkene under.

Dersom du vil finna ut om lånekassen gjev støtte til ei spesiell utdanning, eller ein spesiell studiestad, kan du sjekke dette på www.app.lanekassen.no/lut/.

Lånekassen gjev og støtte til vidaregåande opplæring i Norden. Det vil sei at du vel skole og studieretning, og søker deretter om støtte. Lånekassen kan i utgangspunktet ikkje gje støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, men det er gjort ein del unntak.

Lenker

Studier i utlandet.jpg