Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Opplæringskontor

Fagopplæringskontora skal hjelpa å skaffa læreplass dersom ein ikkje sjølv klarar å få ein kontrakt med ein bedrift. Dei skriv og lærekontrakten.

Fagopplæringskontoret på Stord, Sævegen 21, Leirvik. Tlf. 53402040

Lærebedrift i Hordaland

Som lærebedrift er du med på å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket. Det er i dag meir enn 1760 lærebedrifter i Hordaland – og det blir stadig fleire. Her finn du aktuelle tenester og informasjon.

Lærebedrifter, opplæringskontora og fagopplæringskontoret har kvar sine funksjonar samtidig som dei utfyller kvarandre.

  • Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.
  • Opplæringskontora er lærebedrifter som organiserer seg med utgangspunkt i faga dei kan tilby. Opplæringskontora tar seg av rekruttering og oppfølging av lærlingane hos sine medlemsbedrifter.
  • Fagopplæringskontoret er ein del av fylkesadministrasjonen og administrerer lærlingeordninga på vegne av fylket.

Lærebedrifter i Hordaland

Du finn oversikt over opplæringskontor og godkjente lærebedrifter på vilbli.no.

NOR - Nasjonalt register for opplæringskontorer

NOR inneheld informasjon om einingar som er registeret i Virksomhets- og Foretaksregisteret. Opplæringskontora i NOR inneheld og informasjon om kva fylkeskommune som har godkjend opplæringskontoret (Dette er informasjon som kjem frå VIGO). NOR vil og samla historikk om endringar på einingane. Det betyr at dei vil samle på informasjon om opplæringskontor som går ut/vert lagd ned.