Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kartleggingsverktøy

Ønskjer du sjølv å kartlegga dine interesser, finnest det fleire gratis testar.

Det du bør vera klar over når du bruker desse testane, er at dei ikkje fangar opp alle faktorar som gjeld din spesielle situasjon for eksempel når det gjeld helse, økonomi, familieforhold osv. Det anbefalast derfor at ein kombinerer test med rettleiingssamtalar for å sjekka ut om feilkildene er fanga opp. Eit karrierevalg er samansett og kan sjelden takast på bakgrunn av ein enkelt test. Testane kan likevel gje ein viss peikepinn på alternative vegar som kan passa for deg.

Veivalg på nav.no 

Gjennom Veivalg kan du laga dine eigne profilar etter korleis du vurderer dine yrkesinteresser, dine ferdigheiter og dine karriere-verdiar. Ut frå profilane for yrkesinteresser og ferdigheiter kan du og få lister over yrker du passar til og informasjon om yrkene.

Karrierelink

Dette er ein norsk test som du vil bruka rundt ein halvtime på å ta. En kort rapport er gratis og gjev deg eit godt innblikk i kva du bør gjera, og synes du det verkar interessant kan du kjøpe ein større test for 1250 kroner. Testen krever registrering og har mange spørsmål, og gratisversjonen av rapporten er kort.