Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Høgare utdanning

Høgare utdanning omfattar universitets- og høgskuleutdanning og bygger normalt på eksamen fra treårig vidaregåande opplæring.

Samordna opptak har ansvar for å administrere opptak til universitet og høgskule. Gjennom Samordna opptak kan du både senda inn søknad, sjå dine elektroniske vitnemål og sjekka om du er kvalifisert til studiene du ønsker å ta.

Lenker

Generell studiekompetanse

Dette er dei vanligaste vegane som gjer at du er kvalifisert til å studera ved universitet og høgskular.

1.  Fullført 3-årig vidaregåande

Du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.

2.  Fagopplæring med fagbrev eller svennebrev

Du har gjennomført fagopplæring, samt fullført og bestått studiekompetansefagene.

3.  23/5-regelen

Du fyller minst 23 år i opptaksåret, har minst 5 års utdanning eller yrkespraksis, samt fullført og bestått studiekompetansefagene.  

Søknadsfristen er 15. april

Samordna opptak

Vurderer du å studera på offentleg høgskule eller universitet, søker du deg inn via nettsøknaden på Samordna opptak si heimeside.

Fristen for å søke er 15. april for ordinære søkarar. Sjå nettsida til Samordna opptak for søknadsfristar for grupper som kan søke på andre vilkår.

På Samordna opptak si heimeside kan du finna linkar til bestemte fagområder, fagplanar og utdanningsstader. Du kan finna informasjon om kor dei ulike studiene finnest, kva slags karakterar du må ha for å komma inn, og kva som er opptakskrava til dei ulike studiene. Mange studier krev meir enn generell studiekompetanse. Det er viktig at du tidlig sjekkar ut kva fag du må ha for å komma inn på det studiet du ønsker å studera. Les mer om dette på nettsida til Samorda opptak.

Det finnest mange private høgskular som har eigne opptak. Dette finn du informasjon om på den enkelte skule si heimeside.

Lenker

Søknadsfristar til høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet har fastsett at for opptak til grunnstudium ved universitet og høgskular må alle søkarar med norsk fødselsnummer bruka elektronisk identitet fra MinID for å registrera søknad på internett. For søkarar uten norsk fødselsnummer vil det vera ei anna løysing på nettsøknaden.

1. mars - fristen gjeld for :

  • Alle søkere til Politihøgskolen.
  • Søkere til luftfartstudiet ved Universitetet i Tromsø.
  • Søkere med dokumenterte grunner for tidlig opptak.
  • Søkere med dokumenterte grunner for særskilt vurdering.
  • Søkere til IB-utdanning ( International Baccalaureate )
  • Søkere med videregående utdanning fra land utenfor Norden.
  • Søkere med realkompetanse som opptakskrav.

Hugs ordinær søknadsfrist 15. april!

Nettsøknaden er open i tida 1.februar kl:09:00 - 15.april kl: 23:59

Nettsøknad og søkarinformasjon, samt oversikt over universitet og høgskulane, finn du på nettsida til Samordna opptak.

Lenker