Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Folkehøgskule

Vil du gå eit år på folkehøgskule?

Alle folkehøgskular er ulike. Kva som passar best for deg bør du undersøka nøye før du bestemmer deg.

Folkehøgskulane har ulike fagkombinasjonar på linjene sine. Nokon skuler har linjetilbud der alle er knytta til eitt og samme fagområde som f.eks. media, friluftsliv, musikk eller teater. Andre skular har et mer samansett og breiare fagtilbud og kan ha eit linjetilbud som inneheld t.d. dans, film, teater, kunst, idrett og friluftsliv på en og samme skole. 
Uansett linjetilbod har dei fleste skulane eit stort spekter av valgfag innan ulike fagområde slik at du kan sjølv velja om du vil spesialisera deg innan eit fagområde eller prøva litt forskjellig.

Folkehøgskulen er i utgangspunktet for alle og krev ikkje meir enn at du er motivert for eit år på folkehøgskole og sender inn ein søknad. Eit fåtall folkehøgskular opererer  med opptakskrav dersom dei har fag som krev eit visst ferdighetsnivå. Då er dette oppgitt på fagsida.

Eit folkehøgskuleår kostar i gjennomsnitt 75.500 kroner. Dei rimelegaste linjene kostar ca 60.000 kr, mens dei dyraste ligg på omlag 100.000 kroner. Utgifter til reiser kan koma i tillegg. Undervisninga er gratis. Det du betaler for er kost og losji, materiell, ekskursjonar og reiser.

Ønskjer du å vita meir om folkehøgskuletilbodet så les på nettsida til folkehøgskulane.

Folkehøgskulane