Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvardagslivstrening

Kvardagslivstrening og er eit tilbod til elevar med særskilde behov. Elevane får tilrettelagt undervisning tilpassa kvar einskild sine  føresetnader. Elevane skal vera ein del av skulefellesskapet,  og me legg til rette for dette så langt råd er. Elevane deltek på ulike aktivitetar tilpassa kvar einskild elev.

Me legg opp til eit tett samarbeid med foreldre/føresette,  og andre aktørar som har ansvar i samband med våre elevar.

Me legg vekt på:

  • bruk av IKT
  • song og musikk
  • å gje elevane våre ein strukturert og oversiktleg skulekvardag.
  • å gje den einskilde eleven rom for å arbeida i sitt eige tempo.
  • å ”sjå” kvar einskild elev sine behov og utviklingspotensiale.

Arbeidstrening

Frå skuleåret 2012 har skulen oppretta ei arbeidstreningsgruppe  med redusert elevtal.  Denne gruppa ligg under programområda for Service og Samferdsel,  og Helse- og Oppvekstfag.

Opplæringa skal gje elevane høve til å førebu  seg til arbeidslivet teoretisk og gjennom arbeidsutplassering og eventuelt  elevbedrift. 

Denne gruppa har nært samarbeid med ordinær klasse i programområda.

 

Kontakt oss

Elevinspektør
Profilbilde av Inger Anita Urang Rolfsnes

Inger Anita Urang Rolfsnes

Send e-post 57307517
Avdelingsleiar yrkesfag
Profilbilde av Wencke Nordbø Størksen

Wencke Nordbø Størksen

Send e-post