På Vg1 skal du ha faga Norsk, Kroppsøving, Engelsk (avsluttande fag), Naturfag (avsluttande fag), Matematikk (avsluttande fag), Geografi (avsluttande fag), Samfunnskunnskap (avsluttande fag) og Framandspråk 2 (spansk eller tysk).
Alle skal velja eit framandspråk 2. Engelsk (framandspråk 1) er obligatorisk fellesfag for alle. Det språkfaget du vel på Vg1 held du fram med på Vg2.
Elevar som ikkje har hatt framandspråk 2 på ungdomsskulen, held fram med framandspråk 2 på Vg3.
Skuleåret 2019/2020 tilbyr me følgjande framandspråk:
- Spansk 2
- Tysk 1
- Tysk 2
I Vg1 kan elevane velja matematikk 1P (praktisk) og held fram med 2P i Vg2. Dei kan og velja 1T (teoretisk) og halda fram med R1 i Vg2.