Vg1 Service og samferdsel
Vg1 kan vera inngangen til yrke i ei rekkje servicebransjar, frå sal til transport. I desse bransjane vil kunnskap om lover og forskrifter og evne til analyse av kundebehov for å kunna foreslå løysingar vera viktig.
Service- og samferdsel er vekstnæringar med aukande konkurranse. Kvalifisert arbeidskraft vil vera ein viktig faktor for verksemder som ønskjer å hevda seg i denne konkurransen.
Bømlo vidaregåande skule har god kontakt med næringslivet i Bømlo og med bedrifter elles i Sunnhordland. Desse kan vera gode samarbeidspartnarar for ein del elevar t.d. når det gjeld val av prosjekt til fordjuping.
Felles programfag | Timar |
Drift og oppfølgjing | 6 |
Kommunikasjon og service | 5 |
Planlegging | 6 |
17 |