Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Me tilbyr:

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. Du får ein aktiv og spennande skulekvardag og kan i tillegg til fellesfaga (sjå under) velja mellom ei rekke ulike programfag: entreprenørskap og bedriftsutvikling, visuelle kunstfag, informasjonsteknologi og internasjonal engelsk.

Søk skuleplass

Kvifor velje påbygging til generell studiekompetanse?

Dersom du har greidd vidaregåande trinn 1 og 2 i eit yrkesfagleg studieprogram, og har planar om å skaffa deg generell studiekompetanse for høgskular/universitet, kan du ta Vg3 Allmenn påbygging.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG3
Sum timetall per uke 30
Norsk 10
Matematikk 5
Naturfag 3
Historie 5
Kroppsøving 2
Programfag 5

VEGEN VIDARE

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane. 
Har du ikkje bestemt deg kan du får gode tips på utdanning.no.

 

Kontakt oss

Avdelingsleiar studiespesialisering
Profilbilde av Oddvar Harald Nesse

Oddvar Harald Nesse

Send e-post 57307514