Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Me tilbyr:

Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO)
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar
Vg2 Helsefagarbeidar

På Bømlo vgs har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

Søk skuleplass

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Ynskjer du å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Kanskje du trivst når ingen arbeidsdagar er like og det oppstår nye situasjonar kvar dag? Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg!

Kva kan du bli?

Du kan velja mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær?

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal per veke 35 35
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Engelsk 3 3
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

16nyhLondon3.JPG

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfaga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet. Opplæringa i på Vg1 Helse og oppvekstfag skal medverke til å dekkje kompetansebehovet i samfunnet innanfor oppvekst-, helse- og sosialtenestene.

Felles programfag Timar
Helsefremjande arbeid 7
Kommunikasjon og samhandling 5
Yrkesutøving 6
  17

 

Andre året

IMG_1939.JPG

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar

Programfaga som du hadde i Vg1 Helse- og oppvekstfag går vidare, og opplæringa er praksisnær, og du får endå fleire timar til prosjekt i fordjuping enn du hadde det første året. Du som har hatt Vg1 Design og handverk kan og søkja Vg2 Barne- og ungdomsarbeid.

Felles programfag Timar
Helsefremjande arbeid 5
Kommunikasjon og samhandling 5
Yrkesutøving 7
  17
16nyhLondon4.jpg

Vg2 Helsefagarbeidar

Samfunnet vårt har bruk for kompetente helsefagarbeidarar som kan møta pasientar, brukarar og pårørande. Faga som du haddde i Vg1 Helse og oppvekstfag går du vidare med i Vg2 Helsearbeidarfag.

Felles programfag Timar
Helsefremjande arbeid 7
Kommunikasjon og samhandling 5
Yrkesutøving 5
Sum 17

UT I LÆRE

Etter to år i skule kan du søka læreplass i godkjende lærebedrifter. Les meir om å bli lærling.

Kontakt oss

Avdelingsleiar yrkesfag
Profilbilde av Wencke Nordbø Størksen

Wencke Nordbø Størksen

Send e-post