Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rutinar for håndtering av fusk/forsøk på fusk

«Fusk eller forsøk på fusk på prøver (timeprøver, fellesarbeid og/eller avsluttande prøver) vil telje med i vurderinga av karakteren i åtferd. Det vil ikkje bli gitt fagkarakter på prøven. Resultatet på prøven blir annullert. Fusk er å bryte reglane for hjelpemiddelbruk. Det betyr at dersom eleven t.d. hentar noko frå nettet når læraren har sagt at nettet ikkje skal brukast, er det fusk. Plagiat er å hente noko frå nettet eller andre kjelder utan å oppgje kor det er henta frå. Då viser eleven låg måloppnåing, og oppgåva kan få ein låg fagkarakter.»
§10 Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane

Målsetjing

Bømlo vidaregåande skule har som målsetjing å vera ein skule utan fusk. Elevane våre skal vera trygge på at dei får ei rettferdig vurdering av prøvar, heimearbeid og fellesarbeid som er med i vurderingsgrunnlaget for termin-, standpunkt- og eksamenskarakterar.

Rutinar for å forhindre fusk

Kontaktlærar og faglærar gjennomgår med elevene om kva fusk er og konsekvensar av fusk
Elevane sit med ryggen til under prøvar med digitale hjelpemiddel
Som hovudregel går elevane ikkje ut av klasserommet under prøvar
Elevane leverer inn mobiltelefonar, ved kvar prøve
Elevane sit ein og ein
Lærar brukar Tigru ved digitale prøvar

Konsekvensar ved fusk/forsøk på fusk

Faglærer skriv merknad på åtferd
Faglærar tar kontakt med kontaktlærar som sender varsel om nedsett åtferd, evt. også varsel om IV i faget (pga. manglande vurdering i faget)
Faglærer tar elev med til rektor
Eleven har ikkje krav på ny prøve

Reaksjonsmåtar ved fusk ved eksamen

«Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen (jf. forskrift til opp-læringslova §3-37, 4. ledd).
Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland. For elevar som får ek-samen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort (jf. forskrift til opplærings-lova §3-37, 5. ledd).
Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamen (jf. forskrift til opplæringslova §3-37, 4. ledd).
Fusk eller forsøk på fusk på eksamen vil få konsekvensar for karakteren i åtferd.»
§11 Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane