Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rettar og reglar

LÆRINGSPLAKATEN

God læringsøkt - felles ansvar

Elevar, lærarar og leiing ved Bømlo vidaregåande skule har arbeidd med og drøfta temaet klasseleiing og læringsmiljø. På bakgrunn av det som er kome fram samlast me om desse felles momenta som me meiner kjenneteiknar ei god læringsøkt.

Lærar og elev har i fellesskap ansvar for at læringsøkta skal bli god.
Læraren har den faglege, pedagogiske og metodiske kompetansen og er difor leiaren i klasserommet.
Elevane har ansvar for eiga læring og medansvar for andre elevar si læring.

Kjenneteikn ved den gode læringsøkta:

Starten

  • Alle møter presist og er godt førebudde
  • Alle helsar på kvarandre - ser og blir sett
  • Alle har med bøker o.a. som trengst til økta
  • Læringsøkta skal ha plan og eit klart mål
  • Kort oppsummering av førre økt, med m.a. tilbakemelding på lekser

Gjennomføringa

  • Fagleg fokus
  • Orden og struktur med arbeidsro tilpassa aktivitet
  • Læraren styrer PC-bruken
  • Tovegskommunikasjon
  • Variera, motivera og inspirera
  • Faglege tilbakemeldingar undervegs i arbeidet

Avslutninga

  • Oppsummering/samandrag/refleksjon over
    - kva me har lært
    - på kva måte me sjølv har vore med og gjort læringsøkta god

Verdiar og haldningar

Ved Bømlo vidaregåande skule ønskjer me å verna og verja om viktige verdiar, og vil at skulen vår skal kjenneteiknast ved:

  • at me respekterer kvarandre
  • at det er eit godt forhold prega av samarbeid mellom elevar og tilsette
  • at det er godt samarbeid på tvers av klassar og programområde
  • at alle godtek at det er visse reglar og normer som må følgjast
  • at alle er villige til å ta ansvar
  • at me er flinke til å gje ros og respons til andre
  • at både elevar og lærarar er presise og punktlege, og til å stola på
  • at alle kjenner seg trygge og aksepterte
  • at det er eit godt sosialt miljø som både elevar og tilsette tek del i

Reglement

I tillegg til karakterar i faga, får du som elev kvar termin karakter i orden og åtferd. Denne blir sett på grunnlag av reglementet for orden og åtferd.

Les ordens- og åtferdsreglementet frå Hordaland fylkeskommune.

I tillegg har Bømlo vgs laga eit tillegg til skulereglementet med informasjon om parkering, elevturar/ekskursjonar, kantina og bruk av mat/drikke, rydding og generell orden.
Les tillegget til skulereglementet.

Bømlo vidaregåande skule vil òg presisera kva som er rutinane ved fusk, eller forsøk på fusk, på prøvar.
Les meir om rutinane for fusk.

Du må bestå dei fleste faga på VG1 for å få rett til inntak på høgare kursnivå.
Les retningslinjer for inntak til VG2 og VG3.

Klage

Du kan klaga på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Du kan òg klaga på vedtak om ikkje å setja standpunktkarakter.

Les meir om klage på vurdering.

EKSAMEN

Det er to eksamensrundar kvart skuleår, ein i november/desember og ein i mai/juni. Elevar som ikkje fekk ståkarakter (2 eller betre) ved eksamen, kan melda seg opp til ny prøve gratis ved første påfølgjande eksamensrunde. Dersom du ønskjer å nytta seg av denne retten, må du ta kontakt med skulen.

Privatist

Privatistar kan melda seg opp til eksamen to gonger i året. Meldingsfristar: Hausteksamen 15. september, våreksamen 1. februar. Eksamensgebyret pr. 1. august 2014 er: førstegongsprøve kr. 403, forbetring kr. 829. Gebyret skal betalast med kort til fylkeskommunen innan oppmeldingsfristen. Oppmelding for privatistar skal skje elektronisk til fylkeskommunen. For meir info, ta kontakt med Eksamenskontoret på e-post: eksamen@post.hfk.no.