Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Bømlo vidaregåande skule ligg sentralt plassert i kort avstand frå Svortland sentrum på Bømlo. Me tilbyr fem ulike studieretningar: studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, påbygging til generell studiekompetanse og tilrettelagte grupper. Visjonen vår er læring, meistring og utvikling i samspel med andre.

KONTORET

Går du opp trappene til tredje etasje kjem du til kontoret. Her treff du på det hyggelege kontorpersonalet vårt, der du kan få hjelp til ting du måtte lura på. Kontoret er ope mellom klokka 08.00 og 15.00.

Kart 1.JPG

Her finn du oss 

Skulen ligg om lag 500 meter frå Svortland sentrum på Bømlo og 30 minutt med bil frå regionssenteret Leirvik på Stord. Skulen ligg sentralt i høve til offentleg kommunikasjon.

Bømlo vgs er plassert i eit fint miljø med barneskule og idrettsanlegg like ved. Kring skulen finn ein flotte turterreng.

Administrasjonen

Rektor
Profilbilde av Asbjørn Mæland

Asbjørn Mæland

Send e-post 57307511
Assisterande rektor
Profilbilde av Rebecca Hildebrandt-Paulin

Rebecca Hildebrandt-Paulin

Send e-post 57307512
Avdelingsleiar studiespesialisering
Profilbilde av Oddvar Harald Nesse

Oddvar Harald Nesse

Send e-post 57307514
Avdelingsleiar yrkesfag
Profilbilde av Wencke Nordbø Størksen

Wencke Nordbø Størksen

Send e-post 57307513
Rådgjevar
Profilbilde av Gunhild Walde Mikkelson

Gunhild Walde Mikkelson

Send e-post 57307515
Elevinspektør
Profilbilde av Inger Anita Urang Rolfsnes

Inger Anita Urang Rolfsnes

Send e-post 57307517
byggute.jpg

Historikk

Skulen vår har tradisjonar tilbake til 1972.  Skulestarten 1995 stod den nye skulen vår ferdig - eit praktfullt bygg som kom til å representera eit tidskilje for skulen. Her har me til dømes nye og fine naturfagrom, klasserom, kantine, bibliotek og samlingsstad. Les meir om skulen si historie her.