Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Løp for livet

Russen ved Bømlo vidaregåande skule har gjennom fleire år engasjert seg og samla inn pengar til kreftsaka gjennom Kreftforeningen.



Skulen har arrangert ”Løp for livet” kvart år sidan 1989. Dei har samla skulane i distriktet saman ved fleire aktivitetar og har sytt for ei god inntektskjelde til kreftsaka.

Arrangementet starta først då ein av elevane ved skulen fekk kreft, og medelevene fekk eit ønskje om å gjera noko for denne eleven, og andre personar i same situasjon. ”Løp for livet” byrja då med et skuleløp, der skulane i området blei inviterte til å stilla med klasselag, der det blei arrangert stafett rundt Stora-vatnet. Sidan det har det normalt vorte arrangert i hovudsak to stafettløp, eit bedriftsløp for lokale bedrifter og eit skuleløp for elevane ved vidaregåande skular og ungdomsskular i området.

I seinare år har «Løp for livet» også spreidd seg til fleire andre vidaregåande skular i distriktet, som har sytt for ei større inntekt til Kreftforeningen. Russen har i seinare tid også stått for fleire aktivitetar som blant anna vaffelsal, loppemarknad, basar, bilvaskedagar og leikedagar for born i barneskulane.

Vil du støtta Løp for livet?

Løp for livet har lyst å samarbeida med bedrifter angåande sponsing eller donasjon, så Løp for livet tar hjarteleg imot donasjonar og samarbeidsforslag frå bedrifter eller andre.