Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om elevrådet, rådgjeving, biblioteket, IKT-kontoret, kantina, skulehelsetenesta, lån og stipend.

Elevrådet

Elevrådsstyret 2017/18

Leiar: Martin Vedøy
Nestleiar: Emma Judith Sortland
Kasserar: Emilie Vold
Sekretær: Remy Larsen
Styremedlem: Anna Rusten Moldøen
Varamedlemmer: Elise Kvernøy og Sofie Larsen

Representantar i Ungdomsrådet: Hilmar Sætre og Anna Rusten Moldøen

Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen. Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga. Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar basisgruppe. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre. Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedtek.  Skulen inviterer elevrådet med varafolk til dagssamling i byrjinga av september. Samlinga er både ein informasjons- og ein planleggingsdag for elevrådsarbeidet for komande skuleår. Der blir det og valt elevrepresentantar til Ungdomsrådet i kommunen, AMU (skulen sitt arbeidsmiljøutval), bibliotekråd og kantineråd.

RÅDGJEVING

Me kan hjelpa deg med følgjande:

  • Kor du skal utdanne deg
  • Kva du skal utdanne deg i
  • Informasjon om tilbod og krav frå  skular
  • Korleis du kan studere utanlands
  • Korleis du kan skrive ein søknad
  • Tilrettelegging om kvardagen er tung

Hos rådgjevarane får du personleg rettleiing som gjer skulegangen enklare.

Rådgjevar
Profilbilde av Gunhild Walde Mikkelson

Gunhild Walde Mikkelson

Send e-post 57307515
Elevinspektør
Profilbilde av Inger Anita Urang Rolfsnes

Inger Anita Urang Rolfsnes

Send e-post 57307517
biblioteket.jpg

Bibliotek

På skulebiblioteket kan du sjølvsagt låna både lærebøker og andre type bøker. I tillegg skal biblioteket vera ein stille plass der ein kan sitta og jobba i fred. Ein finn òg ei rekke ulike tidsskrift og fagblad her. Biblioteket er plassert inst i A-fløya i første etasje.

Gjer eit web-søk over kva bøker som er på biblioteket

ikt-kontoret.JPG

IKT-kontoret

På IKT-kontoret kan du få datahjelp dersom det skulle bli problem med PC-en din. IKT-kontoret er plassert inst i C-fløya i andre etasje.

kantina.JPG

Kantine

I kantina kan du få god mat til ein rimeleg penge, for eksempel smurte ostehorn, tebriks, rundstykke, salatar, frukt, varmmat og drikke.
Opningstider for kantina: 
07.50-08.05 (avgrensa utval)
09.10-09.20, 
10.35-10.45, 
12.00-12.25

Besøk kantina på Facebook

Hjelpeinstansar

OT/PPT

Bømlo vidaregåande skule er tilknytt OT (oppfølgjingstenesta) og PPT (den pedagogisk-psykologiske tenesta) for Sunnhordland på Stord. OT/PPT er på skulen onsdagar i partalsveker. 

Les meir om OT/PPT-tenesta i Hordaland fylkeskommune

Ressursgruppa

Ressursgruppa er ei tverrfagleg kompetansegruppe som har eit særleg ansvar for tilrettelegging for elevar som treng det.  Gruppa skal og arbeida med førebyggjande tiltak for alle elevar, og for utvikling av eit godt læringsmiljø. Elevinspektør leier gruppa. Ressursgruppa ved Bømlo vidaregåande skule har møte onsdagar.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta vil til vanleg vera å treffa kvar onsdag i 3. etasje like ved personalrommet frå 08.00 til 12.00.

Elevane kan òg nytta  helsestasjon for ungdom.

Les meir om Helsestasjon for ungdom hos Bømlo kommune

Lån og stipend

Søk stipend hos Lånekassen snarast mogleg etter opptak. Sjølv om du ikkje har ungdomsrett kan du søka om lån og få omgjort noko til stipend etter bestått eksamen. 

Utstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel til kalkulator eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Kor mykje pengar du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek, sjå meir informasjon her.

Slik får du pengane frå Lånekassen:

  1. Du får opptak til skoleplass og takkar ja.
  2. Du søkjer frå lanekassen.no. eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring.
  3. Du følgjer søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no.
  4. Du får SMS/e-post når søknaden er ferdigbehandla.
  5. VENT - Det tek minst ei veke frå du får svar frå Lånekassen, til du kan hente stipendmeldinga/gjeldsbrevet på skolen.
  6. Du hentar stipendmeldinga/ gjeldsbrevet på skolen.
  7. Du skriv under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet - dersom du er under 18 år må både du og ein av foreldra dine skrive under.
  8. Du sender stipendmeldinga/gjeldsbrevet tilbake til Lånekassen. Klipp av svarslippen, ikkje send inn heile brevet. Hugs frimerke.
  9. VENT - Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får stipendmelding/gjeldsbrev med underskrift frå deg til pengane er på kontoen din. Hugs at du må stå som eigar av kontoen.