Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Me er blitt Vestland!

Kake.jpg

Det er som regel kake på bordet når det er feiring her vest. Det var også tilfelle då oppstarten av Vestland fylkeskommune vart markert i rundt om i det nye fylket.

Sist torsdag føremiddag var elevar og tilsette samla på skulane, på tannklinikkane og dei ulike administrasjonsstadane i det nye fylket. Først vart det gjennomført eit streama fellesprogram for alle, før det var lokale program rundt omkring. Det byrja med fanfare og nytt fylkesvåpen, før Arild Sondre Sekse og Maria Stavang opna sendinga med å fortelja kva Vestland eigentleg er, og kva det betyr for oss.

Fuglaberget.jpg

Mange var samla for å følgja programmet.

Oppfordring.jpg

Fylkesordførar Jon Askeland oppfordra alle til å bli med på å gjera Vestland til det sterkaste fylket i landet.

Quiz.jpg

Kvar skule stilte lag på kahooten. Spørsmåla varierte frå geografi, tal kommunar, innbyggjarar og fylkestingsrepresentantar til fotball og lokale rapparar.

Årdal vann.jpg

Årdal vidaregåande skule gjekk til slutt av med sigeren, med Kvam og Stryn på andre- og tredjeplass. 

Servering.jpg

Markeringa vart avslutta med knallgode kaker til alle!