Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Krafttak mot kreft

IMG_1339.jpg

Kreftforeningen var på besøk på skulen i samband med innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft.

IMG_1340.jpg

Søndag 15. mars er den årlege bøsseaksjonen Krafttak mot kreft, som Kreftforeningen står bak. Pengane som blir samla inn i år går til å forska på kreftformer som få overlever, og i samband med dette var Kreftforeningen nyleg på besøk på skulen.

For å bli bøssebærar kan ein senda BØSSE 451001 + fornamn og etternamn til 2277. Bli med og ta eit krafttak mot kreft! Bli bøssebærar!

IMG_1338.jpg

Løp for livet-styret er ansvarleg for alle dei ulike arrangementa russen på Bømlo vgs. står bak for å samla inn pengar til kreftsaka.

Desse arrangementa skjer i løpet av våren:

- 8. mars: Løp for livet-konsert i Kulturhuset
- 13. mars: Volleyballturnering i Bømlohallen
- Veke 11 og 12: Sponsorløp
- 1. april: Skuleløp
- 18. april: Familie- og bedriftsløp