Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Engasjerande elevrådsseminar

1.jpg

Alle tillitselevar og varatillitselevar var onsdag i førre veke samla til seminar i Bømlohallen der dei fekk besøk av mobbeombodet, elev- og lærlingombodet og ein representant for Elevorganisasjonen. I tillegg blei det halde val av nytt elevrådsstyre.

3.jpg

I løpet av dei første vekene kvart skuleår blir det gjort val av tillitsvalde og varatillitsvalde i kvar enkelt klasse, som mellom anna har som oppgåve å vera representant frå klassen i elevrådet. Onsdag i førre veke samla alle tillitsvalde og varatillitsvalde seg i Bømlohallen for å vera med på elevrådsseminar, leia av rektor Asbjørn Mæland og elevinspektør Inger Anita Urang Rolfsnes.

I tillegg fekk me òg besøk av mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, som snakka om den nye paragraf 9A i Opplæringslova, men òg tema som: "korfor oppstår mobbing?", "korfor mobbar me?" og "digital mobbing". I lova står det mellom anna: "Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring." Nulltoleranse mot mobbing er altså lovfesta!

4.jpg

Elev- og lærlingombodet Sigrid Isdal var òg på plass for å snakka om det å vera leiar, elevmedverknad, elevdemokrati, elevrådsarbeid og utval, i tillegg til kommunikasjon.

2.jpg

Jens Hestnes Andersen frå Elevorganisasjonen hadde òg tatt turen for å informera om EO, ein interesseorganisasjon av, med og for elevar og lærlingar. På engasjerande vis snakka han òg med elevrådsdrift, å påverka leiinga ved skulen, skulemiljø, elevmedverknad og EO-fondet (kva ein kan søka om økonomisk stønad til og korleis ein gjer dette).

5.jpg

Mot slutten av dagen blei det halde val til elevrådsstyre for skuleåret 2017/18.

Styret blei sett saman slik:

Leiar: Martin Vedøy
Nestleiar: Emma Judith Sortland
Sekretær: Remy Larsen
Kasserar: Emilie Vold
Medlem: Anna Rusten Moldøen
Varamedlem: Elise Kvernøy og Sofie Larsen

Vidare har elevrådsstyret valt desse to representantane til Ungdomsrådet: Hilmar Sætre og Anna Rusten Moldøen