Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Avgangselevane 2018

IMG_1714.jpg

Tradisjonen tru blei det arrangert avslutningsfest for avgangselevane på Bømlo vidaregåande skule på Bømlo Hotell denne veka.

Tredjeklasselevane hadde pynta seg opp i bunad, kjole og dress, for å feira at 13 års skulegong no er over. Etter å ha hatt munnleg eksamen tidlegare på dagen, kunne ein no endeleg senka skuldrene og kosa seg med god mat og drikke, talar frå rektor og kontaktlærarane – og sjølvsagt Sigves tradisjonsrike quiz!

Lykke til vidare med studium, jobb og alt mogleg anna de måtte finna på!