Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Programområda våre

Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering. På Vg2 tilbyr vi desse programområda:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi
Søk skoleplass Nettundervisning i HFK

Kvifor velje studiespesialisering?

Dersom du likar å jobbe med teoretiske fag og vil ta høgare utdanning kan du velje studiespesialisering.

Om du veit kva for utdanning du vil ta seinare bør du undersøke om du må ha spesielle fag for å kvalifisere deg til studiet.

vilbli.no kan du lese meir om faga du kan velje mellom.

Les meir på Vilbli.no

Fag og timetal

Første året

Stud.jpg
Mattebok_web.jpg

Vg1 studiespesialisering

I løpet av dei første vekene i skoleåret reiser alle Vg1-klassar på tur til Katteli for å bli betre kjent.

På Vg1 må du velje eit framandspråk i tillegg til engelsk. Skoleåret 2018/2019 tilbyr vi:

  • Spansk 2
  • Fransk 2
  • Tysk 2
  • Tysk 1/1+2 (dersom vi har nok søkjarar)

Det språket du vel på Vg1 må du også ha på Vg2.

I matematikk må du velje mellom 1P og 1T.

            Læreplanar Vg1       

Dei som vurderer å gå på IB på Vg2 og Vg3 kan vurdere å heller søke på Pre-IB på Vg1.

Du kan søke på både Pre-IB og vanleg vg1 på BKS. Då set du t.d. Pre-IB som ønskje 1 og ordinær studiespesialiserande vg1 som ønskje 2.  

            Les meir om Pre-IB og International Baccalaureate       

 

Andre året

Fysikkforsøk
Stud3.jpg
Stud4.jpg

På Katten kan du velje mellom vanleg Vg2 og IB. På vanleg Vg2 vel du fordjuping innan to fag frå same programområde. Det tredje fordjupingsfaget kan du velje frå andre programområde. 

Realfag:

Skolen tilbyr vanlegvis:

  • Matematikk 2P/R1/S1
  • Fysikk
  • Kjemi
  • Biologi
  • Teknologi- og forskningslære

Språk, samfunnsfag og økonomi:

Skolen tilbyr vanlegvis:

  • Historie og filosofi
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Sosialkunnskap
  • Politikk og menneskerettar
  • Psykologi
  • Antikkens språk og kultur
  • Internasjonal Engelsk
  • Samfunnsøkonomi

Framandspråk 2

Alle elevar må ha eit framandspråk på Vg2, også dei som heldt fram med engelsk.

Skolen tilbyr vanlegvis:

  • Fransk 2
  • Tysk 2
  • Spansk 2

            Læreplanar Vg2       

 

Presentasjon om fagval og liknande på foreldremøte for vg1, 6.februar 2019 (ppt).

Blokkskjema for fagval skoleåret 2019/2020 (word).

Tredje året

_MwF8942.jpg
_DSC6925.jpg

På Vg3 held du fram med to av programfaga du fordjupa deg i på Vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag. 

Realfag:

Skolen tilbyr vanlegvis:

  • Matematikk R2/S2
  • Fysikk
  • Kjemi 
  • Biologi 

Språk, samfunnsfag og økonomi:

Skolen tilbyr vanlegvis:

  • Historie og filosofi 
  • Politikk og menneskerettar
  • Sosialkunnskap
  • Latin
  • Psykologi 
  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Samfunnsøkonomi 

Elevar kan ta Fransk 3, Spansk 3, Tysk 3, Kinesisk 1, 2 og 3 eller Japansk 1 og 2 via nettstudium i regi av Hordaland fylkeskommune. HFK tar atterhald om nok søkjarar til dei forskjellige faga. 

Tips: Du kan få ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning ved å ta realfag eller framandspråk 2.

            Læreplanar Vg3        

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om opptakskrava som gjeld for dei ulike studia.

Søknadsfristar for høgare utdanning

15. april - vanleg søknadsfrist 
1. mars - for søkjarar utan generell studiekompetanse og dei som søkjer på grunnlag av utdanning frå eit anna land.

Samordna opptak Utdanning.no - Kva vil du bli?

kontaktperson

Ass. rektor
Profilbilde av Rita Ellinor Andenes

Rita Ellinor Andenes

Send e-post 55338202