Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagtilbod, undervisning, evaluering og eksamen på IB

Alle elevar på IB Diploma Programme må ta seks fag - tre på høgt nivå (HL - Higher Level) og tre på ordinært nivå (SL Standard Level). HL-faga har normalt fem veketimar årleg og SL-faga tre veketimar årleg, over to år. Krava i faga på høgt nivå er ein god del høgare enn i dei tilsvarande faga i ordinær vidaregåande skole, og i SL-faga er dei minst like høge.

Fagtilbod

Kva fagtilbodet vert, og kva fag skulen kan tilby på høgt nivå vil vere avhengig av søkjarane/elevane sine samla ønskje og disponible ressursar ved skulen. Søkjarane vil bli orienterte om dette i samband med inntaket.

Faga skal vere fordelte på humanistiske, samfunnsvitskaplege og naturvitskaplege fag. Elevane vel eitt fag frå kvar gruppe nedanfor:

  • Gruppe 1: A-språk: English Language and Literature, Norsk litteratur and sjølvstudium i morsmål
  • Gruppe 2: B-språk: Norsk B eller Mandarin Ab Initio SL
  • Gruppe 3: Samfunnsfag: Historie, Økonomi og Psykologi (vi tilbyr p.t. ikkje Psykologi på HL)
  • Gruppe 4: Naturfag: Biologi, Kjemi og Fysikk
  • Gruppe 5: Matematikk: Analysis and approaches eller Applications and Interpretations
  • Gruppe 6: The arts: Visual arts (ikkje obligatorisk, elevar som ikkje tar dette faget må velje Chemistry eller eit ekstra fag frå gruppe 3)

I tillegg kjem særoppgåve (Extended Essay), ToK og CAS (sjå "merknader").

Undervisningsopplegg

Undervisninga blir lagt opp som ein kombinasjon av lærarstyrt undervisning og sjølvstudium. Læraren skal dels undervise "frå kateteret" og dels rettleie. Det blir soleis relativt færre direkte lærarstyrte timar, då ein del læretid skal verte nytta til "Tutorship". Trening i sjølvstendig arbeid står sentralt.

Undervisninga skal som hovudregel vere på engelsk, med unntak av språkfaga, men vil nok også i ei viss utstrekking gå føre seg på norsk. Av elevar med eit anna morsmål vert det kravd at dei forstår norsk rimeleg godt.

Sett bort frå norskfaget, er alle eksamenar på engelsk. Engelsk fagterminologi blir øvd inn ved bruk av engelske lærebøker, og ved at oppgåvesvar vert skrive på engelsk. Til eksamen vert morsmålet oppgitt, og ortografiske eller stilistiske feil skal ikkje trekke ned karakteren - unntatt i faget engelsk.

Lærebøkene er på engelsk, og skolen har ei utlånsordning for desse.
IB-linja er krevjande, og berre elevar som er innstilte på å prioritere skolen bør søke. Det vert kravd stor eigeninnsats og evne til å halde ut med skolearbeidet. Arbeidsbyrden er større enn for mange i vanleg vidaregåande skole

Evaluering og eksamen

Under skolegangen blir elevane evaluerte i kvart enkelt fag av faglæraren etter reglar gitt av og i nært samarbeid med IBO. I samband med denne evalueringa blir det laga typeoppgåver og typesvar i samarbeid med IBO. Ved evalueringa av oppgåvesvar, både under skoletida og til eksamen, blir det lagt vekt på resonneringsevne og moden vurdering når karakterane skal verte sette.

Alle fag blir evaluert av skolen (internal assessment) og karakterane blir moderert av IBO ved at skolen må sende inn nokre oppgåvesvar med ulike karakterar (særs god, middels god, svak).

Eksamen blir administrert av IBO, og eksamenane blir haldne på dei same dagane i alle land på den nordlege halvkula. Skriftlege eksamenar blir haldne i mai. Elevane må ta eksamen i alle fag.

Eksamen utgjer 60-80 % av sluttkarakteren til eleven og internal assessment dei resterande 20-40 %, avhengig av fag og nivå.

IB-Diplom

For å få vitnemål for full eksamen (IB-diplom) er krava:

  • Bestått eksamen i seks fag og ein minste poengsum (24, evt. 28 p.). IB nyttar karakterane 1-7.
  • Ei godkjent skriftleg fordjupingsoppgåve (Extended essay) på ca. 4.000 ord over eit sjølvvalt emne.
  • Eit kurs i vitskapsteori (Theory of Knowledge = ToK).
  • Dokumentasjon på at eleven har deltatt i CAS (Creativity, Action, Service).

NB. Frå 2009 vart det ikkje lengre stilt krav om bestått diplom for å få generell studiekompetanse i Noreg, men ein må ha minst 20 poeng frå IB.

Elevane har rett til å gå opp til eksamen i kvar fag tre gongar. Dette vil seie at dersom eleven vel å gå opp til eksamen i eitt eller to fag allereie etter første året på IB, så har vedkomande allereie brukt opp éi av dei to moglegheitene.

Merknader

  • Eksamen og IB-diplom: Dersom hovudkravet til bestått eksamen for IB-diplom med ein minste poengsum ikkje er oppfylt, får eleven delvitnemål for dei faga som er beståtte (Certificate).

  • Extended essay: Fordjupingsoppgåva blir utarbeidd under rettleiing av ein lærar. Arbeidet med denne oppgåva er meint som ei første innføring i sjølvstendige studium og forskingsarbeid. Eleven må rekne med å bruke ein del tid, kanskje også delar av feriar til dette.

  • Theory of Knowledge: I Tok-kurset blir dei metodane som dei ulike faga bygger på tatt opp og vurderte: Korleis kunnskapane er henta fram, kor sikre dei er, korleis kunnskapane blir presenterte osb. Kurset skal hjelpe elevane til å sjå hovudlinjer og samanhengar i dei kunnskapane dei tileignar seg gjennom skolearbeidet. Elevane vert lærte opp til kritisk å ta stilling til alle "sanningar" som blir presenterte og til å kome fram til sjølvstendige og gjennomtenkte standpunkt.

  • Creativity, Activity, Service: Alle elevar må dokumentere at dei har deltatt i CAS tilsvarande ein halv dag pr. veke over to år. Skolen har ansvaret for administreringa av CAS etter reglar som er fastlagde av IB. Det kan vere dokumentert arbeid i velferds- og helsesektoren, religiøse organisasjonar, ungdomsarbeid, arbeid i internasjonale grupper o.l. Opplegget skal verte godkjent av IB. Det blir presisert at sport aldri kan vere meir enn ein liten del av CAS.
Søk på IB eller Pre-IB på VIGO.no