Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

International Baccalaureate

Har du høge ambisjonar og ønskjer ei internasjonal utdanning over 2 år? International Baccalaureate er eit krevande studium for målretta elevar. Undervisningsspråket er engelsk, og det blir stilt høge krav til sjølvstendig arbeid og refleksjon. Til gjengjeld er elevar med IB-diplomet ettertrakta studentar som er ekstra godt førebudd til studiar på norske og internasjonale universitet.

International Baccalaureate Diploma Programme (IB) 2 år (Vg2-Vg3)

International Baccalaureate Diploma Programme er ei internasjonalt anerkjent vidaregåande utdanning, som du tar over to år på Vg2 og Vg3. Det er eit krevjande studieførebuande kurs og passar for målretta elevar som ønskjer ein internasjonal vidaregåande skole.

International Baccalaureate - Information in English

 

Kven kan søke

Når du er ferdig med vanleg Vg1, kan du søke direkte inntak til IB-linja på Vg2, eller gå vidare fra Studiespesialiserande med førebuande IB (pre-IB) ved Bergen Katedralskole. Dei som har MYP5 frå t.d. International School of Bergen kan søke direkte på IB. All undervisning er på engelsk, unntatt i språkfaga.

Elevar som tar første året på IBDP ved ein annan IB-skole kan søke om å ta siste året ved Bergen Katedralskole. Kvar elev blir vurdert individuelt, men vi tar atterhald om at fagvalet passar med det vi tilbyr, og vi ber derfor om at vi blir kontakta før eleven startar på IBDP på ein annan skole.

Inntakskrav

  • 4 i matematikk frå Vg1 eller tilsvarande. 
  • 5 i engelsk frå Vg1 eller tilsvarande
  • 4,5 eller betre i snitt frå Vg1, 5 eller betre i snitt frå IB-MYP eller tilsvarande.

Bergen Katedralskole held på retten til, i løpet av 1. termin, å vurdere om eleven har dei nødvendige føresetnadene for å fullføre IB, eller om han/ho må verte overført til andre kurs i den vidaregåande skolen.  

Admission Policy - Bergen Katedralskole IBDP Søk på IB eller Pre-IB på VIGO.no Søknadsskjema til IB for elevar busett i utlandet

(If the form doesn't accept your attached files, please e-mail them directly to Gillian Boniface)

Fagtilbod, evaluering og vegen vidare

Utdanninga kvalifiserer til inntak på universitet over heile verda. Elevar med IB-diplomet er etterspurde blant både norske og internasjonale universitet på grunn av dei høge krava til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon som vert stilt til dei. 

Meir om fagtilbod, evaluering og eksamen på IB

 

Studieavgift

Undervisninga er i prinsippet gratis, men sidan dette er eit tilbod som er knytt til ein internasjonal organisasjon (IBO i Haag), må elevane betale dei ekstra utgiftene dette fører med seg. I hovudsak er det registrerings- og eksamensutgifter og andre ekstraordinære driftsutgifter for dette undervisningstilbodet. Dette kostar kr. 10.000 per år (med atterhald om auke i avgiftssatsar o.l.).

Pre-IB - Studiespesialisering med førebuande IB - Vg1

Dette er eit tilbod til elevar som vurderer å søke opptak til International Baccalaureate (IB) på Vg2. Studiespesialisering med førebuande IB er vanleg Vg1, der du følgjer norske læreplanar og fagval, men der det meste av undervisninga er på engelsk, med erfarne IB-lærarar. Undervisninga vil vere innretta slik at du blir kjent med opplegg og terminologi som vert brukt på IB. Du vil få eit godt grunnlag for å avgjere om du neste år ønskjer å gå vidare på IB eller ordinær Vg2 studiespesialiserande.

Pre-IB-tilbodet rettar seg mot alle elevar i Hordaland, og betyr at du ikkje treng å skifte skole frå Vg1 ved opptak til IB. Tilbodet har eigen utdanningskode i VIGO: STUSP1Z--

Det er mogleg å søke på både Pre-IB og vanleg Vg1 på BKS. Då set du t.d. Pre-IB som ønskje 1 og ordinær studiespesialiserande Vg1 som ønskje 2.  

Søk på IB eller Pre-IB på VIGO.no Pre-IB application for students not applying at VIGO

 (If the form doesn't accept your attached files, please e-mail them directly to Gillian Boniface)

Kontakt avdelingsleiar Gillian Boniface for meir informasjon.

Avdelingsleiar IB
Profilbilde av Gillian Boniface

Gillian Boniface

Send e-post 55338280

 

 

 

 

 

IBO

"The International Baccalaureate Organization" har ca. 2500 medlemsskolar over heile verda. Dei har hovudsete i Haag, medan det pedagogiske senteret ligg i Cardiff.

IB Mission Statement General regulations - Diploma Programme Les meir om IBO.org The Diploma Programme: A basis for practice