Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Målet med innføringsklassane er at det skal vere lettere å klare Vg1. Då kan du enten gå til yrkesfag eller ta studiespesialiserande.
Dei faga du vil ha i innføringsklassen er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.
På slutten av året vil du få ei vurdering i desse faga. Du vil også få karakter i orden og oppførsel.
Meir informasjon Information in several languagesDersom du har fått norsk fødsels- og personnummer, og du har fått kodar/passord frå MinID kan du søke på VIGO.
Dersom du ikkje har dette må du fylle ut søknadsskjema på papir.
Når du har lært nok norsk kan du søke om plass på Vg1, enten på yrkesfag eller studiespesialiserande.
Søknadsfrist 1.mars
Søk skoleplass på Vg1 på VIGO