Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Praktisk informasjon for elevar

Du kan søke om tilrettelegging og/eller fritak frå vurdering i kroppsøving og sidemål. Dersom du allereie har fått fritak i sidemål, eller fått innvilga tilrettelegging på prøver og eksamen, treng du ikkje å søke på nytt. Når det gjeld kroppsøving , må du søke kvart år med oppdatert legeerklæring. Legeerklæring levarast Kyrre kontor, eller sendast i posten. Sjå postadresse på heimesida.

Søk om tilrettelegging på prøver og eksamen Søk om fritak i kroppsøving Søk om fritak frå vurdering med karakter i sidemål

 

Digital lånekontrakt og nasjonalt lånekort

Alle nye elevar på vidaregåande skolar i Vestland fylkeskommune må fylle ut og signere digital lånekontrakt før dei kan låne lærebøker. Ein loggar seg inn med MinID eller BankID. Når alt er korrekt utfylt vil du få kvittering på skjermen og tilsendt på epost. Kvitteringa må takast med når du skal låne lærebøker, versjonar som blir godtatt er utskrift, screenshot eller epost med kvittering på mobil. Dersom du har gjort dette på ein annan skole i Vestland fk treng du ikkje gjere det igjen når du startar på Kyrre. 

Digital lånekontrakt

Nasjonalt lånekort må du ha for å låne lærebøker på Kyrre. Dersom du ikkje har det frå før, kan du skaffe det på ditt nærmaste bibliotek (hugs legitimasjon), eller via Nasjonalbiblioteket. 

Nasjonalt lånekort