Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagtilbodet ved BKS Kyrre skoleåret 2018-19

Skolen tilbyr opplæring innan studiespesialiserande programområde. På Vg2 og Vg3 tilbyr vi programfag innan språk og samfunnsfag.

Det er tre ulike vegar til studiekompetanse.

90-timarsløpet

Det "vanlege" løpet er på 30 timar over tre år. Dei fleste elevane på Kyrre bruker lenger tid enn tre år på å nå full studiekompetanse og studieløpet vert tilpassa den enkelte elev sitt behov.

Påbygg

For elevar som har fullført og bestått dei to første åra på yrkesfagleg studieretning og ønskjer å få studiekompetanse.

23/5-regelen

For å få generell studiekompetanse gjennom 23/5-regelen må du oppfylle tre vilkår: Du må fylle 23 år eller meir det året du søkjer om opptak. Du må dokumentere at du har fullført og bestått alle dei seks studiekompetansefaga - sjå under. Du må dokumentere minst 5 års arbeidspraksis og/eller utdanning.

Les meir om ordninga og poengberekning på Samordna opptak sine nettsider.

Læreplanar Vg1 Læreplanar Vg2 og Vg3 (klikk vidare på programområde)

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva slags opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Søknadsfristar for høgare utdanning

15. april - vanleg søknadsfrist 1. mars - for søkjarar utan generell studiekompetanse og dei som søkjer på grunnlag av utdanning frå eit anna land.

Samordna opptak Utdanning.no - Kva vil du bli?