Kontortid
- Måndag kl. 09.00-14.00 (Astrid - H107 og Vibecke - H102)
- Tysdag kl. 09.00-11.00 (Vibecke - H107 og Astrid - Avd. Kyrre)
- Onsdag kl. 09.00-14.00 (Astrid - H107 og Vibecke - H102)
- Torsdag kl. 09.00-14.00 (Astrid - H107)
- Fredag kl. 09.00-13.00 (Astrid - H107)
Skolehelsetenesta samarbeider bl.a. med skolen sine lærarar, rådgjevarar, elevinspektør, OT/ PPT (Oppfølgingstenesta / Pedagogisk - psykologisk teneste), BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og fastlegar. Er det behov for tilvising vidare, kan du få informasjon og hjelp til dette.
Helsesjukepleiarane deltek i skolen sitt ressursteam, og har teieplikt. Det betyr at dei må få samtykke frå deg dersom dei opplever at det er nødvendig å drøfte situasjonen din med samarbeidspartnarar når du ikkje er til stades.
Besøk hos helsesøster blir ikkje rekna som fråvær når det er dokumentert.