Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fråværsordninga i vidaregåande skole

Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn.

Innhald

Innleiing

Frå og med hausten 2016 har Kunnskapsdepartementet innført ny fråværsordning i vidaregåande skole.

Forskrifta skil mellom dokumentert og udokumentert fråvær. Alt udokumentert fråvær skal alltid førast på vitnemål, og tel inn på fråværsgrensa.

Eleven kan kreva at inntil 10 skoledagar dokumentert fråvær per skoleår ikkje skal førast på vitnemålet. Det er berre heile dagar som kan strykast, ikkje enkelttimar. Har eleven brukt opp denne kvota, skal også dokumentert fråvær bli ført som fråvær.

Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i timane i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje sette slike karakterar.

Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og fråværårsaka gjør det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel får karakter.

Kva kan vere dokumentert fråvær?

Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fråvær stroke frå vitnemålet eller unntatt frå fråværsgrensa. Desse typane fråvær kan vere dokumentert fråvær.

Sjukdom

  • Sjukdom vert rekna som dokumentert fråvær. Dette gjeld både fysiske eller psykiske helsegrunnar, kronisk sjukdom eller funksjonshemming.
  • Fråværet kan bli unntatt frå fråværsgrensa frå første time, men kan ikkje strykast frå vitnemålet før etter tredje dag. Fråvær på grunn av kronisk sjukdom eller funksjonshemming kan strykast frå første dag.
  • Gyldig dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkyndig, som for eksempel fysioterapeut, tannlege eller psykolog (inkludert BUP). Det er ikkje nok med berre eigenmelding frå føresette eller myndige elevar.

Velferdsgrunnar som bryllaup og gravferder

Gyldig dokumentasjon er ei stadfesting av årsaka frå ein person med kompetanse til å vurdere fråværårsaka. Dersom det er vanskeleg kan det vere nok med ei stadfesting frå føresette eller myndige elevar for velferdsgrunnar.

Verv, hjelpearbeid eller arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå

Verv som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid eller representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, for eksempel idrett eller kultur, kan vere dokumentert fråvær.

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå ein organisasjon, for eksempel politiske organisasjonar, hjelpeorganisasjonar eller idrettsorganisasjonar.

Vitne i ei rettsak

Gyldig dokumentasjon er erklæring eller stadfesting, for eksempel frå domstolen.

Heilagdagar for trussamfunn utanfor Den norske kyrkja.

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå trussamfunnet.

Rådgjeving og PP-tenesta

Rådgjeving (mellom anna sosialpedagogisk rådgjeving) og tid hos PP-tenesta skal ikkje reknast som fråvær. Dette er rettar eller tilbod som eleven har og som er regulert i opplæringslova. Gyldig dokumentasjon er framvising av innkalling eller stadfesting på frammøte. 

Sjølvstendig studiearbeid og skoleadministrativt arbeid

Sjølvstendig studiearbeid og skoleadministrativt arbeid, f.eks. elevrådsarbeid eller allmøte for elevane, vert ikkje rekna som fråvær.

Det er ein føresetnad at sjølvstendig studiearbeid skal vere forhåndsgodkjent av skolen/faglærar. Det må vere avtalt kva for læringsmål eleven skal arbeide med korleis arbeidet skal dokumenterast. Det er faglærar(ar) eller rektor som skal vurdere om sjølvstendig studiearbeid er hensiktsmessig for dei aktuelle læringsmåla for denne eleven på gjeldande tidspunkt. Dersom arbeidet ikkje er avtalt med skolen/faglærar, vil også dette vere å rekne som udokumentert fråvær. Sjølvstendig studiearbeid kan ikkje kombineres med feriereiser. Jf. HFK sitt ordens- og åtferdsreglement §5(6)

Kva er udokumentert fråvær?

Andre typar fråvær enn dei i lista over er alltid udokumentert fråvær. Til dømes:

  • Køyreopplæring - Køyreopplæring vert rekna som fråvær. Dette gjeld både køyretimar, langkøyring, glattkøyring og oppkøyring. 
  • Bortvising frå undervisning - Bortvising frå undervisninga er også fråvær. 
  • Feriereiser vert rekna som udokumentert fråvær. Det blir ikkje gitt permisjon til feriereiser, og feriereiser kan heller ikke reknast som sjølvstendig studiearbeid.
  • I tillegg er alt fråvær som eleven ikkje leverer dokumentasjon for, udokumentert.

 

Fråvær på vitnemål og kompetansebevis

Hovudregelen er at alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråværet skal førast som dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.  Eleven kan kreve at inntil 10 skoledagar dokumentert fråvær per skoleår ikkje skal førast på vitnemålet.

Eleven kan  kreve at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

 

Varsling til elevar og føresette

  • Dersom det er fare for at eleven går over fråværsgrensa, eller at læraren ikkje har grunnlag for å fastsette karakter i samband med halvårsvurdering eller standpunktkarakter i fag, skal skolen varsle eleven så tidleg som mogleg. Dersom eleven er under 18 år, skal føresette også varslast. 
  • Føresette skal ha informasjon om fråværet til eleven, fram til eleven er myndig.
  • Skolen må varsle ein gong for kvart fag. Det betyr at sjølv om eleven har fått eit varsel før jul i samband med halvårsvurderinga i faget, gjeld ikkje dette varslet for standpunktkarakteren. Sjølv om faget har fleire karakterar, som norsk, treng ikkje skolen å varsle for kvar karakter. 
  • Dersom skolen ikkje varslar, skal eleven få karakter.