Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skolen sin historie

Bergen Katedralskole er ein av dei eldste skolane i landet. Skolen vart grunnlagd i 1153 av kardinal Brekespear, som vart sendt til Noreg av paven i Roma for å organisere landet som ein eigen kyrkjeprovins.

Det vart oppretta bispesete i Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim, med kvart sitt domkapittel. Ved domkyrkjene vart det oppretta katedralskolar (av «cathedera»: bispesete). Katedralskolane stod under tilsyn av biskopen og resten av domkapitlet, som utgjorde rådet til biskopen. Ein del av det jordegods kyrkja rådde over, vart seinare overført til skolane. Jordeigedomar saman med andre inntekter og gåver og legat utgjer grunnlaget for dei verdiar som Bergen Katedralskole rår over i dag.

Leif Anker Andersen fortel litt om historia til skolen

Presteskole

I heile den katolske tida var Bergen Katedralskole ein presteskole. Prestelærlingane gjekk på skole frå dei var sju til dei var tjue år, og fekk deretter praktisk presteopplæring i kyrkjene til dei var tjuefem år! Skolen var altså både grunnskole, vidaregåande skole og teologisk høgskole. Det einaste språket det vart undervist i, var latin. Skolen låg ute på Holmen, der Håkonshallen og Bergenhus festning ligg i dag. Då Håkonshallen vart bygd, var Schola Bergensis over hundre år!
I overgangen mellom katolsk og protestantisk tid på 1500-tallet var Geble Pedersson ein sentral person. Han vart “skolemeister” på Katedralskolen i Bergen og seinare den første lutherske biskop i Bergen. Han tok Olavsklosteret i Vågsbunnen, som hadde høyrt til gråbrørne (fransiskanarane), til bispegård, og han gjorde den store kyrkja som høyrde til klosteret til domkyrkje.

Geble Pedersson var medansvarleg for gjennombrotet til humanismen i landet vårt, og ikkje berre gjenreiste han skolen, men han gjorde også Bergen Katedralskole til det fremste danningssenteret i heile Noreg. Starten på den protestantiske presteskolen var på mange måtar ein god periode i skolen si historie. Noregs fremste humanist, teologen Absalon Pederssøn Beyer, var også knytt til Katedralskolen. Han vart skolemeister ved Katedralskolen, og var den første som sette opp ei offentleg teaterframsyning i Noreg. I 1562 oppførte elevane hans skodespelet ”Adams fall” på Domkyrkjetrappa. I sanning ein moderne pedagog!

Skolen har sidan reformasjonen halde til i Vågsbunnen i ulike bygg og under skiftande vilkår. Også i lang tid etter reformasjonen var Bergen Katedralskole ein presteskole. Skolelivet for elevane arta seg nok mykje på same måte som for forgjengarane i den katolske tida. Då pietismen fekk overtaket i Noreg, vart læring gjennom pugg og “brav med hugg” den herskande metoden. Gudsfrykt og kyrkjetukt med fornekting av livsglede skulle vere hovudføremålet for skolen. 

1700- talet - ei ny tid

Ei ny tid i skolehistoria byrja då ein ny åndskamp mellom pietismen og opplysningsfilosofien tok til på 1700-talet. Denne kampen kom også til Noreg og førte til ei radikal forbetring av situasjonen til elevane. Den gamle presteskolen, latinskolen og den lærde skolen fekk eit nytt fagleg innhald, og nye pedagogiske metodar vart tatt i bruk. Skolereformane av 1739 og 1775 påla skolen å innføre nye fag, som matematikk, moderne framandspråk, styrking av morsmålet, geografi og naturfag. Det var òg eit krav at skolen skulle vere ein førebuande skole til universitetet generelt, ikkje berre for framtidige prestar. På slutten av 1700-talet vart angrepet på den gamle presteskolen, eller latinskolen som han no vart kalla, sterkare og sterkare, og gjennom ei lov frå 1809 vart også dei pedagogiske banda til kyrkja brotne. 

Meir om skolen sin historie 1639-1806

No også for jenter!

I 1834 kjøpte Bergen Katedralskole bispegarden, og i 1840 heldt skolen innviingsfest for det nye skolebygget på denne eigedomen. I tillegg fekk skolen eige gymnastikkbygg i 1869. På midten av 1800-talet vart elevsamfunnet ”Hugin” stifta. Dette var elevane sitt eige forum, og det sette spor etter seg når det gjaldt demokratiseringa av situasjonen til elevane. ”Hugin” eksisterer den dag i dag, men i seinare tid har elevrådet overtatt ein del av dei funksjonane som ”Hugin” tidlegare hadde.

I over sju hundre år var Katedralskolen eit reindyrka mannssamfunn, både elevar og lærarar var menn. Først på slutten av 1800-talet fekk også jenter innpass på skolen. I 1889 tok den første kvinnelege eleven examen artium ved Bergen Katedralskole, men først i 1918 vart den første kvinnelege lektoren tilsett. I våre dagar er kjønna likeleg fordelte både på elev- og lærarsida.

Moderne tider

Ikkje minst i løpet av dei siste 30 åra, har det skjedd ei betydeleg fagleg og pedagogisk utvikling ved Bergen Katedralskole. I tillegg til vanleg undervisning innan allmennfagleg studieretning, har skolen spesialisert seg på undervisningstilbod for elevar med utanlandsk bakgrunn eller tilknyting: Internasjonal Baccalaureate-linje, 3-årig allmennfag og innføringskurs for framandspråklege elevar. Skolen har også eit omfattande vaksenopplæringstilbod: 2-årig vidaregåande skole og ein del frittståande kurs.

I løpet av dei siste femti åra har byggingsmassen til skolen vorte utvida betrakteleg. Vi har fått nytt gymnastikkanlegg og eiga klasseromsfløy mot Heggebakken. I 1992 vart eit nybygg med fleire spesialrom og eiga kantine tatt i bruk. Her fekk også den historiske boksamling til skolen eige lokale. Hovudbygget vart dessutan ominnreidd og modernisert m.a. med nytt auditorium og bibliotek. Den siste ombygginga skjedde i perioden 2016-2017. Då vart hovudbygget fullstendig rehabilitert og skolen fekk eit nytt mellombygg, Mesobygget, som m.a. rommar bibliotek og klasserom.

Skolen er i dag ein særs funksjonell og romsleg skole, som tilfredsstiller moderne krav til undervisningsopplegg.

Frå å vere det einaste gymnaset i Hordaland for ca. 150 år sidan, er Bergen Katedralskole i dag éin av dei mange vidaregåande skolane i fylket.

Jubileumsframsyning 2003

Statsarkivet i Bergen - arkivkatalog og elevlister 1749-1999 Bergen Katedralskole si eldre boksamling