Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Katteli

Bergen Katedralskole har ei eiga hytte på Mjølfjell.

Katteli.jpg

Ønskjer du å dra på tur til fjells? Nytt sjansen til å besøke "Katteli", Bergen Katedralskole si eineståande hytte ved Mjølfjell. Ho ligg sentralt for turar heile året.

Kvar ligg hytta?

Katteli ligg omkring sju kilometer frå Mjølfjell stasjon i retning mot Upsete. Hytta ligg like ved Mjølfjell Vandrerhjem. Toget stoppar på nokre ruter ved Ørneberget stasjon, som ligg rett ovanfor Katteli (ein kan bestille stopp ved denne stasjonen på dei andre rutene). Det er bilveg heilt fram til hytta.

Om hytta

Hytta har elleve rom med mellom fire og seks køyer i kvart rom, og nye bad med fire separate dusjrom. På loftet er det ei leilegheit med tre senger, dusj, toalett og eit opphaldsrom. Av fellesrom er det peisestue, matsal og eit stort, fullt utstyrt kjøkken. Hytta er utstyrt med stereoanlegg med USB-inngang. På loftet er det mogleg å spele bordtennis.

Turmål

Om vinteren er Katteli eit godt utgangspunkt for både lange og kortare turar. Upsete, Mjølfjell, Øykjafonn og Fossdalsskavlen er berre nokre av dei mange turmåla. Terrenget eignar seg også veldig godt til turar vår, sommar og haust.

Utleige

Prisar og kontaktinformasjon finn du på Katteli si facebookside.