Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

IT-tenesta

IT-tenesta på Bergen Katedralskole deler tida si mellom alle avdelingane på skolen. Du finn oss i 1.etasje på Bergen Katedralskole (M103) og i rom 007 på Senter for voksenopplæring i Kalfarveien 2.

IT-tenesta på Bergen Katedralskole kan hjelpe deg med

  • Support og vedlikehald av PC-ar
  • Bruk og vedlikehald av skrivarar og kopimaskiner
  • Høgtalarar, lerret, projektorar og kablar i klasserom
  • Installasjon og oppgradering av Windows og Office
  • Tips og råd om behandling og bruk av PC

Kontakt oss via e-post eller på tlf.  55 33 82 23.

Elev-PC

Undervisninga krev at alle elevar har PC, og elevane har sjølve ansvaret for å skaffe seg PC til skolestart i august. Alternative måtar å skaffe PC på kan du lese meir om ved å følge lenka nedanfor.

Som elev ved Bergen Katedralskole, må du kunne produsere og levere inn oppgåver i Microsoft-format, og du må kunne bruke læringsplattformen «It’s learning». Nokre av skoleprogramma fungerer best på Windows-maskiner, som er den maskintypen lærarane på skolen bruker.

Du er sjølv ansvarleg for å halde maskina din i orden og ha eit fungerande og oppdatert antivirusprogram.

Dataprogram som er nødvendige til skolebruk kan du laste ned gratis via Skoleportalen.no.

Les meir om elev-PC

 

Andre som kan hjelpe med IT-relaterte spørsmål

Har du andre IT-relaterte spørsmål kan du spørje lærarane dine, bibliotekaren eller medelevar.

  • Bruk av skrivarar
  • Bruk av skytenester som Dropbox, OneDrive, Google Docs
  • Installasjon av ordbokprogram og anna felles programvare
  • Heimesida og Facebooksida til skolen
  • Søking i ulike informasjonskjelder
  • Bruk av Office-program