Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenestene

Rådgjevarar, elevkoordinator, helsesjukepleiar, IT-tenesta og biblioteket

Rådgjevarar

Vaksenopplæringa og Avdeling Kyrre har eigne rådgjevartenester.

Rådgjevar skal vere ein støttespelar for elevane og i det den enkelte måtte ønskje å snakke om eller ha hjelp til. Dette omfattar alt frå samtalar omkring helse, trivsel, venner og familie, til hjelp for tilrettelegging av skolearbeid og prøvar. Ei anna viktig oppgåve er å hjelpe elevar med å orientere seg i forhold til utdanning og karriere.

Enklaste måten å komme i kontakt med oss på er å sende melding på It’s Learning, men vi har «open dør» slik at du kan komme utan avtale.

Rådgjevarane har også undervisning, så vi er ikkje tilgjengelege heile dagen.  (Sjå timeplanar på WebUntis).

Rådgjevar
Profilbilde av Siv Dale Gencher

Siv Dale Gencher

Send e-post 55338285

Rådgjevar Siv Gencher har kontor i 1.etasje på H-bygget, H103.

Rådgjevar
Profilbilde av Eli Grinde

Eli Grinde

Send e-post 55338208

Rådgjevar Eli Grinde har kontor i 1.etasje i H-bygget, H102. 

 

Rådgjevar
Profilbilde av Gunnar Fjon

Gunnar Fjon

Send e-post 55338209

Rådgjevar Gunnar Fjon har kontor i 1.etasje på H-bygget, H104.

 

Minoritetsrådgjevar

minokatten - Snapchat for minoritetsrådgjevar på BKSMinoritetsrådgjevar Emilie Joner-Andbo har kontor 1.etasje, litt på H116 (inne i Harry-Potter-gangen) og litt på H103. Du når henne på tlf. 41 37 52 03, på epost emilie.joner.andbo@hfk.no eller på Snapchat. 

 

  • Måndag: H103
  • Tysdag: H116 (kl.0830 - kl.11.30)
  • Onsdag: H103
  • Torsdag: H116
  • Fredag: H116

 

Elevkoordinator

Elevkoordinator er kontaktperson for elevrådet, elevsamfunnet Hugin og russen, og har ansvar for elevaktivitetar, foreldremøte med meir. Elevkoordinator er også ansvarleg for skoleturar til Katteli.

Elevkoordinator Maren K. Haukeland har kontor i 1.etasje på M-bygget, M102 . Elevkoordinatoren har "open dør" slik at elevar kan komme utan avtale, eller ein kan lage avtale ved å sende melding på It's learning. Ho har kontortid kvar skoledag kl.10.00-11.30 og kan også treffast på kontoret på andre tidsrom når hun ikkje er opptatt i møte eller med undervisning. Sjå timeplan på WebUntis.

Elevkoordinator
Profilbilde av Maren Knag Haukeland

Maren Knag Haukeland

Send e-post

 

Skolehelsetenesta

Helsesjukepleiarar Astrid Steinsland og Vibecke Øyjordsbakken Anderssen har kontor i 1.etasje på H-bygget. Sjå Skolehelsetenesta si eiga nettside for nøyaktige tider og rom. Dei har "open dør", som betyr at elevar kan komme utan timeavtale. Du vel sjølv kva du vil snakke med helsesjukepleiar om, og ho har sjølvsagt teieplikt.

Les meir om skolehelsetenesta på Katten

 

IT-tenesta

IT-tenesta på Bergen Katedralskole deler tida si mellom alle avdelingane på skolen. Du finn oss rett innanfor hovudinngangen frå Kong Oscarsgt., M103, og på rom 007 på Senter for vaksenopplæring i Kalfarveien 2.

Les meir om IT-tenesta og elev-pc

 

Skolebiblioteket

Skolebiblioteket finn du rett innanfor hovudinngangen. Biblioteket har ope alle skoledagar i skoletida og kl.16.00 - 18.30 måndag-torsdag. 

Spesialbibliotekar
Profilbilde av Eva Mostraum

Eva Mostraum

Send e-post 55338222

 

Spesialbibliotekar
Profilbilde av Glorija Bakk

Glorija Bakk

Send e-post
Les meir om skolebiblioteket

 

Elev- og lærlingombodet i Hordaland

Les meir om Elev- og lærlingombodet i Hordaland